Nedbørsmengdene dei siste dagane har ført til problem enkelte stader i distriktet. Etneelva stig faretruande og kan koma til å skapa vanskar for campingplassen i Etne og i Vats er gardsvegen til dei to gardane som ligg mellom Vatsvatnet og Landavatnet er i ferd med å bli forsvinna under vatn. Ennå er det mogeleg å bruka traktor for å koma til gards, men med mindre køyretøy er vegen ubrukeleg.
— Eg får berre håpa mjølkebilen kan koma seg bort til garden. Me køyrde bilane våre over på andre sida tidlegare i dag, og blir det verre må me kanskje ta båten i bruk for å koma oss fram, seier Skjalg Duesund (69) som driv den eine garden.
Han har opplevd liknande vêr fleire gonger tidlegare, men det er over 10 år sidan vatnet gjorde vegen uframkommeleg sist.
Ved Vindafjord kommune er dei godt førebudd på ruskevêret som er meldt og dei har heile tida personell ute for å halda auge med situasjonen.
— Me har ikkje fått inn melding om skade, men me har beredskapen på topp, seier ordførar Ole Johan Vierdal.
Onsdag morgon viste vêrstasjonen i Vats at det hadde kome 91,3 mm nedbør dei siste 24 timane. Det er rekord for i år. I Etne viste målingane 89 mm på same tidspunkt.