Laurdag kan du høyra Lars Lundal i Friluftsmagasinet på NRK P1

Gjest i radioprogram

Laurdag skal Lars Lundal vera gjest i programmet Friluftsmagasinet på NRK P1


Likar du å høyra på radioprogrammet Friluftsmagasinet som går på NRK P1 kvar einaste laurdags morgon kan det bli ekstra spennande førstkomande laurdag.

Då er det Lars «Larsemann» Lundal som er å høyra på radioen, og han blir intervjua av NRK-journalist Helge Søfteland. Markhusingen har som kjent skrive ned mange av sine minner frå Indre Etnefjell, og han har loggført meir enn 10.000 av turane sine.

Få kjenner Etnefjella betre Larsemann, men fleire kjenner kanskje fjella betre etter at han i 2015 kom ut med boka «På vandring med Larsemann i Indre Etnefjell» Friluftsmagasinet har i fleire tiår vore kringkasta i statskanalen, og vil ein høyra Larsemann bør ein tuna inn klokka 08.05.