I dag blei det kjent kven som er nominerte til årets utgåve av Spellemannsprisen, og to av dei nominerte er utflytta etnebuar.

Misty Coast med Richard Myklebust og Linn Frøkedal (t.v) er nominert i klassen indie, og gruppa Enslaved med mellom anna Ivar Bjørnson (t.h) er nominert i klassen metal.

Nominerte til Spellemannsprisen

I dag blei det kjent kven som er nominerte til årets utgåve av Spellemannsprisen, og to av dei nominerte er utflytta etnebuar.

av Grethe Hopland Ravn

På nyåret i fjor kom Linn Frøkedal frå Etne ut med ny plate i nytt band. Både bandet og debutplata har fått same namn, Misty Coast, og består av Frøkedal i saman med bandkollega Richard Myklebust frå The Megaphonic Thrift. Den første singelen «Funny World» kom ut i september 2016 og fekk svært god omtale frå kritikarane, og videoen til singelen er mellom anna spela inn på Osnes i Etne. No er duoen nominert til Spellemannsprisen i indie-klassen, og dei tre andre nominerte i same klassen er Carmen Villain med «Infinite Avenue», Hvitmalt Gjerde med «Våken», og Silja Sol med »Ni Liv»

Enslaved nominert med «E»

Det er fleire utflytta etnebuar som er nominerte til årets spellemannspris, den andre er Ivar Bjørnsson og gruppa Enslaved. Bandet er blant dei fire nominerte i kategorien metal. Gruppa kom i oktober i fjor ut med albumet «E» og fleire store aviser trilla terningkast 5 og Aftenposten kalla plata for «En styggvakker symfoni». I kampen om statuetten skal Enslaved tevla mot Helheim med «Landawarijar», Satiricon med «Deep Calleth Upon Deep» og Woredom Rife med «Dommedagskvad».