Jakob Hatteland.
  ARKIVFOTO
Jakob Hatteland. ARKIVFOTO

— Når retorikk er viktigare enn fakta

«Denne saken har mange likheter med doping jukset i Sotsji 2014.
På samme måte som Russland vil fremstå som best i idretten, og det viser seg at de jukser med doping-resultatene, så vil vi i Norge være best på miljø og fremstå som pådriver for fjerning av kvikksølv fra miljøet (OSPAR og Minamata konvensjonen)», skriv Jakob Hatteland i ein kronikk i Teknisk Ukeblad.

Raunes Fiskefarm med industrigründer Jakob Hatteland på laget, har i mange år vore bekymra for utslepp til luft og vatn frå AF Decom sitt arbeid med opphogging og gjenvinning av installasjonar for offshoreindustrien.

Hatteland meiner AF Decom slepp for lett unna og at myndigheitene spelar meir på lag med industrien enn omsynet til folks helse og miljø.

I ein lang kommentar i Teknisk Ukeblad og på nettsidene til Raunes Fiskefarm kan du lesa Vats-gründeren sitt oppgjer med norske miljøstyresmakter og det offentlege si handtering av den omstridde etableringa. Dette er svar på tidlegare reportasjar i TU og påstandar frå miljøstyresmaktene.

Tilfeldigheitene gjorde at Hatteland blei dratt inn i korleis demontering av utrangerte plattformer blir utført i han nærområdet. Raunes Fiskefarm AS blei starta opp av nokre lokale ungdomar som hadde lagt heile sin kapital ned i oppdrett av torsk. Jakob Hatteland blei seinare deleigar i bedrifta. Bedrifta måtte seinare avvikla på grunn av situasjonen i fjorden.

— Etter kvart konstaterte me forureining frå naboen, og då me bad Miljødirektoratet om assistanse fekk me verken svar på våre spørsmål, eller møtt med interesse om å forstå det me prøvde å fortelja. I staden opplevde me at Miljødirektoratet fortalte vår advokat at me var kverulantar, og det før han hadde fått stilt sitt første spørsmål, skriv Hatteland og held fram:

— Lever av at folk kan stole på meg

— Etter at eg hadde fortalt om våre erfaringar i TU, og avisinnlegg i lokalavisa Grannar, fekk me ikkje noko meir konkret svar på det eg hadde kritisert, anna enn «slik er det ikkje», samstundes som at Miljødirektoratet forsøkte å mistenkeleggjera min person og mine motiv. NIVA, som etter vår meining, har gjort grove feil i denne saka, tar heller ikkje ansvar for sine feil, og prøver å komma seg unna med at «eg er unyansert».

Jakob Hatteland har drive internasjonal forretning i 46 år og har gjennom desse åra hatt ansvar for eit betydelig tall tilsette.

— Eg lever av at folk kan stola på meg og likar sjølvsagt ikkje når myndigheitspersonar presenterer urette fakta og usannheter, skriv Hatteland i det knusande oppgjeret.

Sjå kommentaren om saka her!