• Bilete 1 av 10 - Årets russekull er fødde i 1999, og namnet på revyen «99 problems» er nok relatert til det. Det var forsåvidt ein herleg gjeng som showa på scenen. Foto: Grethe Hopland Ravn

  • Bilete 2 av 10 - Lokale heltar frå grannardistriktet har meldt seg på Paradise Hotel. Songaren med gitar og cowboyhatt er parodiert av Julie Teigland.

  • Bilete 3 av 10 - Spasmeladden t.v. (Heidi Stople), Barskeladden (Herman Helgesen) og Raskeladden (Sondre Selsaas) er på sesjon.

  • Bilete 4 av 10 - Ein parodi på Lundenesrussen kjem ein aldri unna.

  • Bilete 5 av 10 - Det meste kan «henga og slenga» litt når ei drar på åra. Kristin Heggebø Kambe i aksjon.

  • Bilete 6 av 10 - Thea Lovise Strømø i rolla som den «gode gamaldagse gymlæraren» som likar å bruka god tid på å forklara korleis dei diverse øvingane skal gjerast.

  • Bilete 7 av 10 - Lærarane på Ølen vgs er blitt gamle og sit på gamleheimen og mimrar om tidene då dei jobba på skulen. F.v: Thea Lovise Strømø, Kristin Kambe, Julie Teigland, Heidi Stople, Thea Helgesen, Runa Kvinnesland og Maria Grumheden.

  • Bilete 8 av 10 - Beyoncé sin legendariske «single ladies» fekk nytt liv gjennom denne herlegdomen her.

  • Bilete 9 av 10 - Dagen derpå er det ikkje alltid at gårsdagens kloke val, var så kloke likevel. Tor Henning Bjordal angrar på sine handlingar, mens Maren Olsen planlegg bryllaup.

  • Bilete 10 av 10 - Under russerevyen som gjekk i Ølen for eit par veker sidan, avslørte Cedrik Mballow at han har ei flott songstemme.

— Det har vore ein fryd å laga denne revyen

For mange av dei raudkledde var revypremieren sjølve debuten på skodespelarkarrieren, og publikum fekk eit innblikk i ein relativt intern kvardag på Ølen vgs. Om den speglar realiteten då?

av Grethe Hopland Ravn

For mange av dei raudkledde var revypremieren sjølve debuten på skodespelarkarrieren, og publikum fekk eit innblikk i ein relativt intern kvardag på Ølen vgs. Om den speglar realiteten då?