Torsdag skreiv Grannar om elevane i 3. klasse ved Skånevik skule som har funne opp ein ny leik, og at dei hadde skrive brev til Statsministeren kor dei fortalte om leiken og la ved reglane dei har laga.
Grannar sin artikkel vart lese same dag på Statsministeren sitt kontor i Oslo, og kommunikasjonsrådgjevar Anne Nordskog fortel til Grannar at Erna Solberg har skrive eit svar til elevane.
I brevet, som Grannar har fått kopi av, skriv statsministeren at ho tykkjer det er veldig fint at elevane har vore så kreative at dei har laga ein eigen leik. Ho synest at reglane er fine, og at det kan hende at dei vil leike leken på Statsministeren sitt kontor, og at ho trur det vil bli morosamt.
Men om ho vil kome til Skånevik og leike med elevane, slik dei har invitert ho til, har Erna Solberg ikkje svart på.