Fann mange feil

Mykje feil og manglar i dag, er Statens vegvesen sin konklusjon etter ein kontroll på Ølmedal onsdag kveld og tre timar over midtnatt. Seks køyretøy blei sjekka grundig, noko som resulterte i at éin sjåfør blei anmeldt og pålagt kvile på grunn av køyring med annan sinn førarkort. Éin sjåfør blei anmeldt for manglande førarrett på bilhengar, medan éin blei rapportert skriftleg på grunn av brot på køyre- og kviletid. I tillegg blei det gitt refs til ein sjåfør for mangel på lys, medan eit køyretøy fekk bruksforbod for manglande sikring av last.