Norled si nye ferje er verdas første einskrogs pendelferje i aluminium som skal gå på heilt eller delvis elektrisk kraft.
— Ingenting gjer oss stoltare og gladare enn når vi får fornya tillit frå innovative kundar som Norled. Westcon har tidlegare levert vedlikehald og modifikasjonar til Norled sine ferjer. No ser vi fram til å utvide samarbeidet vidare med leveringa av eit komplett, moderne fartøy utrusta med utstyr frå Westcon, seier Endre Matre, leiar for nybygg og teknisk ved Westcon Yard.
Tar 16 bilar
Teknisk direktør Sigvald Breivik i Norled opplyser at det for aller første gong blir bygt ei einskrogs ferje i aluminium.
— Låg vekt stiller mindre krav til energibruk. I kombinasjon med batteridrift får vi endå eit nytt miljøfyrtårn, seier Breivik.
Aluminiumsferja tar opp arva etter nyvinninga «MF Ampere» som er verdas første batteridrivne bilferje. Kontrakten med Westcon er nettopp signert, og ferja som kan frakte 16 bilar, skal gå i sambandet mellom Hjellestad og Klokkarvik i Hordaland. Ferja kan ta med seg to vogntog på maksimum 52 tonn kvar i slengen.
Westcon sine system
— Vi har tidlegare fått i oppdrag å byggje to fiskefartøy, og med denne kontrakten tar vi steget inn i marknaden for bygging av ferjer, seier Endre Matre i Westcon.
Ferja skal vere ferdig innan oktober 2019, og skal inn i drift frå januar 2020. Ferja blir eit lite fartøy med halvautomatisk lading, basert på Westcon sine system, og den skal i tillegg ha biodiesel som supplement.