Trass tidleg mai har det vore godt over 20 gradar i Grannar-distriktet denne veka. Tysdag slo sommarvarmen skikkeleg til og Etne toppar den lokale statistikken på den offisielle målinga i regi av Meteorologisk institutt. Her blei tempeaturen målt til 24,3 gradar som var varmast i Hordaland. Ifylgje adressa.no var Etne den ellevte varmaste staden i landet tysdag. Same dag blei det målt 23,8 gradar på målestasjonen i Vats. Også onsdag er det meld like høge temperaturar på Sør-Vestlandet, medan torsdag byr på omslag med regn, torsdag overskya, før blir lettare vêr laurdag og sundag. Margaret Velde har sendt oss dette bildet med melding om ein vindfull frigjeringsdag i Vats, men der plommeblomane skyt fart i varmen.