Ingrid Lunde smasher mot kanadiske Taylor Puscke i en tett kamp som det norske laget vann til slutt.
FOTO: FIVB
Ingrid Lunde smasher mot kanadiske Taylor Puscke i en tett kamp som det norske laget vann til slutt. FOTO: FIVB

17. plass i Warszawa

Ingrid Lunde frå Ølensvåg og Oda Ulveseth noterte seg for tre sigrar på fem kampar under World Tour-turneringa i Polen.

Sandvolleyballspelaren Ingrid Lunde frå Ølensvåg og makker Oda Ulveseth hadde ei god innleiing på World Tour-turnering i Warszawa denne veka. I den polske hovudstanden starta dei med to strake sigre.

Vann nervekamp

Fyst over eit lag frå Thailand med settsifra 21-19 og 21-7. Dei følgde opp med 2-1 over eit kanadisk lag (21-11, 13-21 og 15-13) og kvalifiserte seg dermed til mellomrunden. Lunde var glad for sigeren.

— Det er kjekt med slike kamper, og enda morosamare når me vinn, sa hun til nettstaden Insidethegame.biz etter kampen.

Ikkje til finalerunde

I mellomrunden fekk den norske duoen det tøffare. Der vart det først 0-2 tap mot eit lag får Tsjekkia med sifra 12-21 og 18-21. Så slo dei eit Austerrisk lag 2-0 med sifra 22-20 og 21-13, før det vart eit nytt knipent 0-2 tap 14-21 og 19-21 og dermed ikkje avansement til sluttspelet.

Paret vart til slutt nummer 17 i turneringa.