Traktor brann i Ølen

Klokka 16.34 onsdag melde Sør-Vest politidistrikt at det brann i ein traktor i Ølen. Brannen skal ha skjedd ved E134 ved krysset til Sandeid. Brannen vart sløkt etter kort tid. Det var ved 16.40-tida ikkje meld om personskade i hendinga.