Påhengsmotorar vekke

Laurdag kveld kom det inn melding til Politiet om to båtmotorar som var forsvunne frå Nesvågen i Skånevik. Det er snakk om to påhengsmotorar på 9,9 hestekrefter, opplyser Arild Austrheim ved Etne og Vindafjord Lensmannskontor. Dei har sannsynlegvis blitt vekke i løpet av natt til laurdag, og større motorar i båthamna har fått stå i fred.

— Det er førebels ikkje kome inn formell anmelding, seier Austrheim.

Politiet er interesserte i tips i saka.