Ingrid Lunde og makker Oda Ulveseth er på plass i Rotterdam, Nederland, og spela sine første EM-kampar mot Russland og Tyskland allereie tysdag ettermiddag. Begge kampane enda med tap for sandvolleyballspelarane med resultata 1-2 (9-21, 21-19, 13-15) og 2-1 (21-14, 20-22, 15-13). — Det er små marginer, seier jentene på Facebook, noko skuffa. Samtidig som dei trekkjer fram at dei også spelar mykje bra ute på banen. Siste puljekamp spela dei mot Borger og Kozuch. Etter ein halvtime vart resultatet 2-0 (21-15, 21-12) til dei tyske jentene. Kampane kan du streame her