Marknadsfredagen var det duka for lokaloppgjer på Etne stadion. Heimelaget tok i mot Ølen, noko som trekte mykje folk til tribunen. Det starta med eit brak, og debutant Sindre Kringlebotten skora med sitt første spark på ballen. Martin Kristiansen auka leiinga for etnelaget, før Kringlebotten skora sitt andre for kvelden etter ein fantastisk pasning frå nemnde Kristiansen. Etne gjekk til pause med ei tremålsleiing.
Etter kvilen var det sjansar i begge endar på ei glatt grasmatte. Rune Torstenbø reduserte for bortelaget frå krittmerket. Trass ei leiing på to mål, var det spenning i kampen til siste fløytesignal. Det var altså etnebuen som kunne heve armane i vêret og juble for siger i eit intensivt lokaloppgjer.