Vats 94/Skjoldar sine målskårarar i 2-3 sigeren borte mot Ølen. (f.v.) Gjert Severin Fjeldheim, Ørjan Grunnaleite og Morten Frøland. Foto: Magne Skålnes
Vats 94/Skjoldar sine målskårarar i 2-3 sigeren borte mot Ølen. (f.v.) Gjert Severin Fjeldheim, Ørjan Grunnaleite og Morten Frøland. Foto: Magne Skålnes

Vann slaget om Vindafjord

Ølen var involvert i sitt andre nabo-oppgjer på under ei veke, då dei tok imot Vats 94/Skjoldar torsdag kveld. Det første enda som kjent med tap mot Etne under marknaden, og Ølen ville nok reise kjerringa mot kommunerivalen Vats 94/Skjoldar.

Magne Christiansen sendte heimelaget i leiinga etter omlag 10 minuttar, noko som stod seg heilt til rett før pause. Då kom utlikninga signert Morten Frøland.

Vats 94/Skjoldar skåra to raske mål i andre omgang, slik at dei gjekk opp til 1-3. Måla vart sett inn av Ørjan Grunnaleite og Gjert Severin Fjeldheim. Ikkje lenge etterpå var Magne Christiansen frampå igjen, og reduserte til 2-3.

Sjølv om Ølen pressa på for utlikning mot slutten, vart det ikkje fleire mål i kampen. Dermed har haustsesongen starta på verst tenkeleg vis for Ølen, som har opplevd å tapa både mot Etne og Vats 94/Skjoldar på under ei veke. For Vats 94/Skjoldar betydde sigeren sårt tiltrengde poeng i botnstriden.

Etne på si side hadde bortekamp mot Stegaberg torsdag kveld, og kom heim med ein 1-3 siger. Etter at det stod 0-0 til pause, fekk Etne vatn på mølla i andre omgang. Martin Kristiansen, Kristoffer Grønstad og Åsmund Norheim sette inn kvar sine mål. Det vart ei redusering for Stegaberg på slutten, men Etne kunne reisa heim med resultatet 1-3, og tre fortente poeng i bagasjen. Dette betyr at Etne overtar andreplassen på tabellen, og henviser Ølen til ein tredjeplass, eitt poeng bak Etne. Vats 94/Skjoldar kjem seg opp fra sisteplassen på tabellen, og har nå Stegaberg og Leirvik Ballklubb bak seg.

Les meir om kampane i måndagens papiravis.