Nå patruljerer politiet også nettet

Går nye vegar for å førebygga.


Frå onsdag denne veka kan du chatta med politiet på Facebook. — Me gler oss til å komma skikkeleg i gang med dette. Politiet skal vera der innbyggarane er, seier Grete Winge, leiar av felles eining for kriminalitetsførebygging i Sør-Vest politidistrikt som Etne og Vindafjord lensmannskontor er ein del av. Nettpatruljen Sør-Vest er den tredje i landet, i tillegg til Kripos og Oslo.

Hovudoppgåva er å jobba kriminalitetsførebyggande, hindra lovbrot og uønskte hendingar, bygga tillit og ha dialog med borgarane. Naudsituasjonar skal fortsatt gå via telefonen på 112, og skal du melda frå til politiet om ei konkret hending skal dette skje som før på 02800. Etter kvart vil politidistriktet også bruka Snapchat for t.d. å kommunisera med festivaldeltakarar. I første omgang vil nettpatruljen vera tilgjengeleg for publikum hovudsakeleg på dagtid i vekedagane.