Kollisjon utan personskade

Ingen personar kom til skade då ein personbil og ein liten lastebil kolliderte på E134 i Vats torsdag ettermiddag. Sør-Vest politidistrikt opplyser ein del trafikale vanskar i etterkant, men at vegen var opna for fri ferdsel etter at bilberginga var ferdig ein dryg time seinare.