Blid gründer. Jakob Hatteland synest eigarskiftet og den store verdiauken i Autostore As viser at i Åmsosen har grunn til å vera stolte. Arkivfoto
Blid gründer. Jakob Hatteland synest eigarskiftet og den store verdiauken i Autostore As viser at i Åmsosen har grunn til å vera stolte. Arkivfoto

Kjøper oljeaksjane til Einar Aas

Jakob Hatteland har kjøpt aksjar i oljeselskapet Skagen 44 i Stavanger etter den omstridde og fallerte krafthandlaren Einar Aas. Nå venter emisjon på fleire tital millionar kroner for milliardæren frå Vindafjord. Det er Dagens Næringsliv og andre medium som skriv dette.

— Det var nok mest ein tilfeldigheit, seier Hatteland til DN.

Vatsbuen fortel at han er slektning av dagleg leiar Arne B. Larsen i Skaagen 44 AS.

— Han kontakta meg for å vera ein mellombels eigar. Men då eg tilsette ein finansdirektør som har erfaring frå oljebransjen og som kjenner desse felta, bestemte eg meg for å bli ein langsiktig eigar, fortel Hatteland til næringslivsavisa.

Vel 40 prosent av Skagen 44 AS vil etter handelen vera kontrollert av Jakob Hatteland Holding AS. Dagens Næringsliv skriv at kjøpesummen ligg på rundt ti millionar kroner, men at det vil følgja plikter med eigardelen ettersom det vesle oljeselskapet er deltakar i fem leitelisensar.