rRoar Knudsen oppmodar bygdefolk til å passe godt på dei lokale tilboda.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Dagleg leiar Roar Knudsen i Knudsen Dørfabrikk AS har tre tilsette i produksjonen som pendlar med ferja. Frå før har han tilsette som sit fast i Polen.

Legebesøk

Det er mykje fokus på det som ikkje er bra i kommunen – sjølv om det meste faktisk er bra. Underteikna er ikkje blant dei som renn ned dørene på legekontoret. Har ikkje hatt noko der å gjera. Nyleg fekk eg brev frå forsikringsselskapet at eg måtte undersøkjast frå topp til tå, slik at dei kunne verta rimeleg trygge på at eg ikkje skulle krepera like etter at forsikringsdokumentet var signert. Så då måtte eg jaggu til legen. Ringte, og fekk avtalt time med ei hjelpsam dame. Fekk time ein onsdag, sidan fastlegen min er i Skånevik den dagen. Så var tida komen for sjølve legetimen. Der møtte eg min fastlege gjennom eit par år – for første gong. Triveleg kar. Høgt utdanna ung tilflyttar med kone og ungar. Akkurat slik me vil ha det! Verka som om han kunne det han balte med også. Blodprøvar har blitt ekspedert på glimrande vis av ei munter dame som eg gjekk på skulen med i ti år. Nåla blei ført inn i blodåra så elegant som det kunne gjerast. Høgare utdanning, og bur i kommunen. Akkurat slik me vil ha det.

Legesenteret i Skånevik fekk seg ein runde med malarkosten i året som ligg bak oss. Jungelen ved inngangen har gjennomgått radikale forbetringar. Jada, det er ikkje veldig moderne inne, og eg kunne sjå at vindauga på kontoret til legen nok skulle vore byta ut for minst eit tiår sidan. Men, eg har ingen ambisjonar om å klaga på dette. For meg er det ekstremt viktig at me har dette legesenteret i bygda. Byrjar ein å plukka bort slike tilbod, så seier ein til oss som bur her at ein ikkje vil satsa på oss.

I same bygg har ein – med velvilje frå Etne kommune, og stort engasjement frå fleire – også fått på plass ein privat tannlege. Makelaust bra! Såg i Grannar at ny tannlege var på plass i Etne også. Strålande.

Så må me alle hugsa å bruka dei tilboda me har, slik at dei får grunnlaget dei treng for å faktisk vera her. Mange av bygdene i Grannar-distriktet er i ein storleik som er skummel. Alle butikkane, bensinstasjonane, bilverkstadane osv. treng all den omsetnaden dei kan få. Du er viktig for dei. Reiser du til OBS Bygg for å kjøpa terrassebord på tilbod, for så å ringa ditt lokale byggefirma laurdag morgon, fordi du gløymte å kjøpa terrasseskruar på OBS, ja då har du ikkje forstått korleis ting heng saman!

Samfunna me bur i er som eit puslespel. Alle veit at det er noko herk når det manglar bitar i puslespelet. Bruk den lokale tannlegen, kjøp di nye krabbeteine på den lokale bensinstasjonen, kjøp brød hjå lokalbakaren, blomar på blomebutikken, bruk den lokale elektrikaren – og lev eit godt liv på bygda!

Roar Knudsen
Skånevik

Har du synspunkt om dette, eller tankar om andre tema som du ønskjer å dele på lesarbrevplass i Grannar? Send e-post til redaksjon@grannar.no