Då har denna jento blitt vaksen, og tatt steget ut som politikkar. Eg er av den kaliberen som det er lett å engasjera! I mange år har eg hatt meiningar om mange saker, men har helst diskutert med venner og familie. Til tider blir eg frustrert over ting som skjer både lokalt, og sentralt. Eg tenkjer ofte på andre løysingar, og frustrere meg litt over å ikkje få gjort noko med saka. Dei siste åra har eg sagt i godt lag «det nyttar ikkje at me sit her og frustrerer oss, då må me ta tak, engasjera oss og bli politikar». Men sjølv ikkje kjent meg flink nok, at eg ikkje hadde det som trengtes av kunnskap. Eg har evna til å læra meg ting, og når eg har bestemt meg for at dette vil eg bli god på, då kan eg bruka mykje tid på å setja meg inn i det. Eg elskar å læra nye ting, og har mykje å læra.
Eg er oppvaksen på den finaste plass på jord (som eg kallar det) – Kyrping. I dag bur eg i Mosdalen, i lag med sambuar, ei lita jente på 2 år og hunden vår. Er snart på veg inn i 30-åra, men er endå berre 29 år. Eg jobbar som pedagog i Småfolk barnehage.
Eg har vore ein Frp-ar i mange år. Har mange gonger undra meg over kva det er med Frp som gjer at eg er einig i så mange av sakene dei har. Etter å ha lese på sidene deira, fann eg fort ut av kvifor. Brikkene fall på plass!
Sitat Frp sitt prinsipp og handlingsprogram: «Frihet for enkeltmennesket forutsetter at den enkelte selv i større grad tar ansvaret for seg selv og sine egne handlinger. Vårt menneskesyn baserer seg på en overbevisning om at enkeltmennesket har evner til å styre seg selv og ta konsekvensene av egne valg. Generelt sett er det også viktig at den enkelte har en følelse av personlig ansvar for sine handlinger. Dette betyr at folk flest bør få større anledning til å ta vare på seg selv og sin familie med et minimum av statlig kontroll og styring.»
Nettopp! Tillit til enkeltmennesket! Gir du folk ansvar, tar dei ansvar. Tar du frå folk ansvar, blir dei ansvarslause. For meg er dette heilt logisk! Me har vel alle høyrt utrykk som bjørneteneste? Sy puter under armane på folk? Det er nettopp det eg meiner me gjere mykje i dette landet.
Mindre statleg styring, meir styring til enkeltmennesket! Det kan eg lika! Gjer folk ansvarlege, la dei ta konsekvensane av sine eigne handlingar.
Du vil nok sjå meir til meg framover. Har eg engasjert meg, så har eg engasjert meg!
Renate Sævareid
4.kandidat Etne Frp