Etne brannvesen i gang med å sløkka brannen i bil og campingvogn.
Foto: Torstein Tysvær Nymoen
Etne brannvesen i gang med å sløkka brannen i bil og campingvogn. Foto: Torstein Tysvær NymoenBilde 1 av 1

Bil og campingvogn opp i røyk

Av Arne Frøkedal og Torstein Tysvær Nymoen

Brannvesenet i Etne rykte ved 15-tida tysdag ut til ein bilbrann ved i Grindheimsvegen, like ved Håfoss, nokre kilometer aust for sentrum.

Totalskadd

Brannvesenet var på staden kort tid etter at alarmen gjekk og starta sløkking, men både ein campingbil og ein bil som sto parkert like ved vart totalskadd.

Det var ikkje fare for spreiing utover bil og campingvogn, opplyser brannvesenet i melding på Twitter.

Ingen personskade

Ingen personar kom til skade i brannen.

— Brannen var sløkt før politiet kom til staden, og det drives no etterkjøling, opplyser operasjonsleiar Helen Rygg Ims ved Sør-Vest politidistrik.

Like før klokka 16 måndag hadde ikkje ho fått informasjon om vogna har vore i dagleg bruk før brannen.