Fram til 30. mars blir det mogleg for vikedalsbuar og andre til å bla i manuset og kontrollera innhaldet. Prosjektleiar Nils Olav Østrem fortel at rettingar og kommentarar til Vikedal-manuset må sendast til medarbeidarane i prosjektet.
— E-postadresser og mobilnummer blir informerte om i manuseksemplaret som frå måndag 18. mars ligg ute for høyring på butikkane. Eit eige skjema kan også brukast og leverast inn i butikkane, seier han.
Utgis før jul
Østrem opplyser at målet er å få gitt ut desse bygdebøkene før jul. No ber han om at folk i manuset sjekkar hushaldsopplysningane om heimar og folk: namn på mann og kone, fødselsår, fødestad og eventuell annan stad for oppvekst, gift år, dødsår – namn på born, fødselsår, eventuell annan fødestad enn på eigedomen/bruksnummeret, bustad og gift/sambuar med.
Yrke for mann og kone forutan foreldre for utanbygds fødd mann og kone, ønskjer Østrem også at folk kontrollerer og sender inn om det manglar.
Manuskriptutdraget inneheld informasjon om alle familiar i Vikedal frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Husmannsplass er ikkje med i dette utdraget, men i dei ferdige bøkene vil både folk på gardsbruk, husmannsplass, bustad- og fritidseigedomar bli omtalte. Bøkene vil også innehalda bilete, kart og andre illustrasjonar.
I tillegg er det historiske innleiingar om gardane og grendene, mellom anna med eigne grendesoger for Fjellgardane, Midtbygda/Vikedalsdalen, Vikedalsosen og Hogganvik.
Skipsbygging
Bygdeomtale av Vikedal, den store skipsbyggingsbygda i Ryfylke på 1800-talet, er også med i det omfattande manuskriptet.
Det er utarbeidd av Nils Olav Østrem, Kari G. Hempel og Arne Langhelle. Mange bygdefolk har bidratt med opplysningar, i bygdebokutvalet er Tone Andreassen, Bjørg Sørheim, Ola Vikedal og Ola Gjerde. Bilderedaktør er Anne Berit Skipevåg Tveit.