Aleksander Pettersen har henta treåringen Eirik i barnehagen rett i nabolaget. Familien på fire flytta inn i nytt hus på Vikaneset og synst det er eit ypparleg utgangspunkt. Skjold har tilflytting og har fått fleire barn viser etterspurnaden etter plass i barnehagen. 
Foto: Jon Edvardsen
Aleksander Pettersen har henta treåringen Eirik i barnehagen rett i nabolaget. Familien på fire flytta inn i nytt hus på Vikaneset og synst det er eit ypparleg utgangspunkt. Skjold har tilflytting og har fått fleire barn viser etterspurnaden etter plass i barnehagen. Foto: Jon EdvardsenBilde 1 av 4
ore Olav Gregersen i Vats grendeutval meiner det er negativt dersom ungane i Vats må få barnehageplass i andre bygder. 
Arkivfoto
Tor Olav Gregresen, styremedlem Vats grendeutval.Bilde 2 av 4
Roafeltet i Ølen er blant suksessane til Vindafjord Tomteselskap i samarbeid med Omega Hus AS og Berge Sag Gruppen. Her frå ein tidleg fase i utbygginga. Arkivfoto
Roafeltet i Ølen er blant suksessane til Vindafjord Tomteselskap i samarbeid med Omega Hus AS og Berge Sag Gruppen. Her frå ein tidleg fase i utbygginga. ArkivfotoBilde 3 av 4
Utsikt over både Skjold og fjorden har gjort Vikaneset attraktiv.
Utsikt over både Skjold og fjorden har gjort Vikaneset attraktiv.Bilde 4 av 4

Her var veksten størst i fjor

Folketalet gjekk relativt mykje ned i Vindafjord i fjor, men Skjold hadde ein solid vekst med 33 personar. Over tid er det Ølen og Skjold som er vekstkrafta i kommunen.

Skjoldabuen har minst å vere bekymra for i utvikling av folketalet, medan det lyser blått for Bjoa, og Vats er i ferd med å tape veksten krinsen opparbeidde seg tidlegare.

Vikedal er ei bygd som har gått ned med over 50 personar dei siste fem åra, og er tilbake til same nivå som i 2010, viser tal frå Statistisk sentralbyrå sin database.

Skjold stabilt oppover

Veksten i Vindafjord går i grove trekk i to bølgjer i det siste tiåret, først vekst og deretter nedgang som ramma dei ulike bygdene svært ulikt, og nokon har klart å halde på veksten.

For heile kommunen kom ikkje nedgangen før i 2017.

Skjold har styrt unna vesentleg nedgang og har hatt vekst over tid og det er i dag 175 fleire skjoldbuar enn i 2010.

Veksten på 33 i 2018 var ganske uvanleg samanlikna med trenden elles i Vindafjord. Det har aldri budd så mange tidlegare i Skjold, og det har gått stabilt oppover dei seinare åra.

Det blir bygt hus ganske spreidd i Skjold, men Isvik hageby har over tid hatt hus på gang, og no har Vikaneset overtatt som området der husa poppar opp. Der er det mange tomter å gå på framover.

Landleg og nær byen

Utsikta er upåklageleg på Vikaneset, og Aleksander Pettersen (29) har henta eldstemann Eirik (3) på veg heim frå jobb. Plenen er ganske ny med ein frisk grønfarge og familien flytta inn i det nye huset i 2017.

Tømraren er frå Førresfjorden, medan ektefellen Veronica Vestre Pettersen er frå Skjold.

Familien auka til fire i det nye året.

— Det er ypparleg å bu på Vikaneset, og i Skjold har ein det meste vi treng. Vi har butikk og på Vikaneset er det både skule, barnehage og tannlege. Dessutan er det kort veg til byen. Lokaliseringa var viktig då vi bestemte oss for å byggje her, seier Pettersen.

Han arbeider hos Snekker Ness i Haugesund og har arbeidsplass rundt i distriktet.

— Vi ville bu landleg og valet fall på Skjold som ho er frå. Det er fint i Skjold, vi har det meste og no har vi også fått treningssenter, seier han.

Det er fint i Skjold, vi har det meste og no har vi også fått treningssenter
Aleksander Pettersen, innflyttar

— Urovekkande i Vats

At veksten skjer langs E134 har både vore ei forventning og eit faktum, der Ølen, Ølensvåg, Vats og Skjold har vore på vinnarlaget i folkevekst.

No buttar det litt imot for Ølensvåg og Vats, spesielt sistnemnde.

Toppåret 2014 budde det 1.450 personar i bygda etter ein unik vekst på få år. Frå toppåret er det i dag 85 færre som er registrert som fastbuande i bygda.

Vats er den bygda som har mista mest av veksten som var etter 2010.

Tor Olav Gregersen er leiar i grendeutvalet, og han er overraska over nedgangen der bygda har gått ned med til saman 71 personar dei to siste åra.

— Dette er ein urovekkande høg nedgang som vi må sjå nærmare på. Det er langt frå ein ønskesituasjon som vi må analysere. Det er nok fråflytting, men ut over det veit eg ikkje om noko konkret, seier Gregersen.

At Skjold går motsett veg, trur han ikkje minst har samanheng med nærleiken til Tysvær og Haugesund.

Størst fart i Ølen

Tala for Vats er overraskande for Gregersen, spesielt nedgangen dei to siste åra.

— Auken vi hadde tidlegare har nok samanheng med at vi fekk Velde-feltet som slo an, og ei utviding av Knapphus-feltet. No går det altså motsett veg, seier han.

Grendelagsleiaren seier dei har fleire ting på sakskartet for at Vats skal bli ei betre bygd å bu i. Blant anna ein ny park ved Vats skule. Og trafikk og gatelys er stadig på agendaen.

Ølen: Er den største bygda med 1.798 innbyggjarar ved inngangen til året, og med ein nedgang i fjor som gjorde at bygda bikka under 1.800 igjen som var toppåret i 2018. Veksten har vore jamn og stor med 253 fleire i dag samanlikna med 2010.

Ølensvåg: Frå toppåret 2014 med 935 personar har det gått slakt nedover og bygda nærmar seg 800-talet igjen.

Sandeid:Bygda hadde stor vekst i 2016, og er blitt 98 fleire sidan 2010.

Bjoa ille ute

Vikedal:Det overraskar kanskje at Vikedal med sine 818 registrerte innbyggjarar er akkurat like stor som i 2010. Bygda er eit døme på at pluss og minus over tid kan vere stillstand.

Vikebygd: Saman med Skjold var Vikebygd blant dei to med vekst i fjor, men med beskjedne 3 personar. Men den litt lengre linja er nullvekst når bygda har 2 færre i dag enn i 2010.

Imsland: Ein nedgang med 6 i fjor, men stabilt over tid med 16 fleire personar enn i 2010.

Den minste bygda har med andre ord klart seg rimeleg bra, og det er den nest minste bygda i Vindafjord, Bjoa, som blør i folketal.

Bjoa: Med sine 440 innbyggjarar i dag er det 54 færre enn for fem år sidan. Den største nedgangen var i 2016 med 27 færre bjoabuar det året.

Utflytting vesentleg årsak

Vedvarande vekst i folketalet dei siste ti åra vart avløyst av nedgang i 2017 og 2018 i både Etne og Vindafjord. I fjor var første året at fleire flytta tilbake til heimlandet sitt, enn inn til dei to kommunane.

I ein oversikt som går tilbake til 2009, var 2018 det første året der fleire flytta tilbake til heimlandet sitt frå Etne og Vindafjord, enn inn til dei to kommunane frå utlandet. Det avspeglar truleg den første netto nedgangen i arbeidsinnvandring.

Det flytta ut 74 til utlandet frå Vindafjord, og 56 inn. Tilsvarande 36 og 21 for Etne i fjor.

Nedgangen kom

Kombinert med netto utflytting til resten av landet, hadde Vindafjord 57 fleire personar som flytta ut enn inn i fjor. Med eit lite fødselsoverskot i pluss, gjekk folketalet ned med 50 personar.

Netto utflytting i Etne var 32 i fjor, men med eit fødselsoverskot på 26 var nedgangen i folketalet 6 personar i fjor.

Då nedgangen starta i 2017 hadde Etne 52 i minus og Vindafjord ein nedgang 35 personar.

Per 1. januar i år var folketalet 8.743 i Vindafjord og 4.077 i Etne.

Eksport av innbyggjarar

Innflytting frå utlandet har gitt vekst spesielt i Vindafjord som har hatt eit negativt flytterekneskap med resten av Noreg i mange år. Etne har derimot hatt fire år sidan 2010 der fleire har flytta inn frå andre stader i landet, enn ut av kommunen til resten av landet.

Vindafjord har ikkje eitt einaste år i denne perioden der det ikkje har vore netto eksport av vindafjordingar til resten av landet.

Ei anna vesentleg forklaring på at folketalet var redusert med 50 personar i fjor i Vindafjord, er færre fødslar enn på mange år med 88 fleire verdsborgarar. Etne låg meir i det normale sjiktet for kommunen med 53 fødde i fjor.