Marcus (22) fekk sitt livs oppleving i Åkrafjorden

Marcus Hoel Jacobsen (22) og resten av mannskapet på brønnbåten «Ronja Carrier» hadde lasta smolt i Fjæra då dei på vei ut Åkrafjorden fekk selskap av det spektakulære slaget.

Åkrafjorden i Etne har blitt eit populært reiselivsmål dei siste åra. Fredag vart det ekstra spektakulært, då det byrja å kome meldingar om folk hadde sett spekkhoggarar i fjorden.

Nærmast av alle kom nok mannskapet på brønnbåten «Ronja Carrier».

Det gjer noko med deg når du får sjå så store dyr på nært hald

Marcus Hoel Jacobsen (22), matros på «Ronja Carrier»

— Etter at me hadde lasta smolt hos Mowi i Fjæra såg med nokre få dyr litt ut i fjorden. Når med passerte Langfoss kom dei plutseleg opp på sida av båten. Då talte med eit lite dusin, fortel Marcus Hoel Jacobsen, som omtalar seg sjølv som kokkekyndig matros om bord.

Følgde båten

Fleire av dei flotte dyra følgde brønnbåten ut i djupare farvatn, mens andre vart igjen i fjorden. At det gjorde inntrykk på 22-åringen frå Auklandshamn i Sveio er det ingen tvil om. Han var kjapp med å fiske fram mobilen sin for å dokumentere hendinga. Det var med den han filma dei flotte snuttane som han har lagt ut på sin Instagram-konto, og som han gledeleg delar med Grannar sine lesarar.

— Det var ei fantastisk oppleving. Eg har aldri sett desse dyra før, deg gjer noko med deg når du får sjå så store dyr på nært hald, sa Jacobsen.

—Adrenalinkick

Tidlegare hadde han berre sett så store pattedyr på BBC sine naturprogram.

— Det var eit adrenalinkick. Eg tenkjer på det enno, sa Jacobsen då Grannar snakka med sundag kveld. Då låg båten, som er eigd av reiarlaget Sølvtrans i Ålesund ved kai i Sandane i Sogn og Fjordane.

Det flotte synet i Åkrafjorden skjer berre to veker etter at Martin Lærdal dokumenterte spekkhoggarar i Sandeidfjorden med drone, videoen er no sett av meir enn 1.600 Grannar-lesarar.

Fakta / spekkhoggar

• Spekkhoggar (staurkval) er ein tannkvalart i delfinfamilien.

• Hannane kan bli 9 meter, hokjønna vert inntil 7,5 meter lange.

• Lever hovudsakeleg av stimfisk, men ernærer seg også av sjøpattedyr som kval og sel.

• Opptrer og jaktar som regel i mindre flokkar.

• Flokkane er familiegrupper som er stabile over fleire år, kanskje gjennom generasjonar, og består av fleire vaksne av begge kjønn og ungar.

Kjelde: Store norske leksikon (snl.no)