For nokre veke sidan gjekk det opp for meg at eg bur innafor eit område som er særleg eigna for vindkraftutbygging. Eg sov dårleg fleire netter etterpå, og drøymde at skogen av roterande møller alt reiste seg mot himmelen over Hodnet, Stødlehetto og Leknesnipo. Kanskje nokre andre òg hadde det på same måten.
No tenkjer vel mange at dette berre er ei kartlegging som ein kan sjå litt an. Men ein ser andre stader korleis det kan gå når folket kjem inn for seint, etter at hjula er i gang. Det seier meg at det er best å vera tidleg ute, om ein meiner at dette vil me ikkje ha.
Difor er det fint at fleire røyster alt har teke til motmæle, m.a. Grannar på leiarplass. Og Etne kommune har alt tidlegare gjort vedtak mot utbygging. All æra for det!
Men dette er sterke krefter, og om det skulle vera slik at folket her ikkje ynskjer å sjå vindmøller i nærmiljøet, bør det seiast klårt og sterkt straks.
For å knebla oss og gi oss dårleg samvit, seier dei at me som ikkje vil ha dette, er imot det grøne skiftet. Det er pisken. Gulerota dei heng opp framfor oss er vissen og bleik: Fjellet blir meir tilgjengeleg på dette viset. Der blir laga turvegar som tek oss vidt omkring der oppe. Dei nemner ikkje at vegane er 6 meter breie og asfalterte, og går på kryss og tvers over moltemyrane våre, bort til kvar einaste vindmølle.
Eg er heller ikkje imot det grøne skiftet som må koma både i energiproduksjon og i livsstil og levemåte. Men eg nektar å la dei asfaltera fjellheimen vår for å få det til. Finn på noko anna! For det går an. Men billigaste løysinga for dei utanlandske pengeinteressene som står bak, og som skal selja og bruka straumen, er visst fjella våre. Dei skal dei ikkje få.
Nokre seier det er eit dilemma, langt frå ideelt, men nødvendig. Sjølv nektar eg å kalla det eit dilemma, så lenge der finnest andre løysingar. Fjella rundt oss er for dyrebare til slikt ordspel.
Om det ikkje blir stoppa, vil mange i landet vårt få nærmiljøet og rekreasjonsområda rasert. Me treng naturopplevingane og rekreasjonsmuligheitene nær oss der me bur og går omkring kvar dag. Me kan ikkje vandra mellom vindmøller til dagleg og bøta på det med sjeldne utflukter til freda nasjonalparkar, der ein berre kan skimta møllene i det fjerne.
Eg høyrer òg at ein vil ta miljøomsyn og unngå særleg sårbare område. Men når ein legg eit nett av store vegar i eit fjellområde, og reiser 200 meter høge vindmøller, er det sterkt avgrensa kva miljøomsyn ein kan ta, og alle område er på eit vis sårbare. Her er det vel berre eit spørsmål om kven som skal rammast hardt og brutalt. Og i grisgrendte strok, som hos oss, er det jo færre å valsa over.
Eg er ikkje imot eitkvart inngrep i naturen. Av og til er det av mange grunnar nødvendig.
Men dette er eit massivt angrep på dei nære fjellområda våre og vil redusera livskvaliteten til folket og bygdene her. Eg bur i Skånevik, men håpar mange også andre stader i Grannar-området kjenner noko liknande.
Harald Grønnevik
Skånevik