Slik vil ferjene som Westcon skal bygga for Norled, sjå ut.
Slik vil ferjene som Westcon skal bygga for Norled, sjå ut.

Prestisjeprosjekt til Westcon

Reiarlaget Norled har valt Westcon-konsernet i Ølensvåg til bygging av to nye ferjer. Den eine vil bli verdas første bilferje med hydrogen som drivstoff.

For Westcon er kontraheringa svært kjærkome. Verftet som har spesialisert seg på riggoppdrag, har lenge slite i ein tung marknad. Difor har bygging av skip blitt eit stadig viktigare bein å stå på for det lokaleigde milliardkonsernet.

Direktør for skipsbygging i Westcon, Endre Matre slår fast i ei pressemelding at dette ein stor og viktig kontrakt.

— Å få vera med å bygge det som vil bli ein verdsnyheit, gjer at me ikkje berre fyller opp ordreboka vår, men også bidrar til at me held posisjonen vår som eit verft med høg innovasjons- og teknologikompetanse, seier Matre.

Internasjonal pågang

Dei to ferjene som Westcon skal bygga for Norled skal begge trafikkera riksveg 13 ferje-sambandet Hjelmeland–Skipavik–Nesvik i Ryfylke frå våren 2021. Medan den eine skal gå på hydrogen, vil den andre vera batteridriven, tilsvarande MF «Ampere».

Norled stod også bak dette fartøyet som var den første batteridrivne ferja i verda i 2015. Teknisk direktør i reiarlaget, Sigvald Breivik, poengeter at byggeprosjektet i samarbeid med Westcon, vil bidra til at norsk maritim sektor totalt sett kan vera i front også på hydrogendrivne ferjer.

— Sidan me signerte kontrakten med Statens vegvesen i januar om å bygga og drifta ein heilt ny type nullutsleppsferje basert på å nytta hydrogen som drivstoff, har interessa og pågangen vore stor frå både inn- og utland, seier Breivik i pressemeldinga og legg til.

— Me er difor svært glade for at me etter grundige vurderingar har signert avtale om bygging av hydrogen-ferja med Westcon. Verftet har solid kompetanse innan miljøteknologi, og er bevist på å ha gode samarbeidsrelasjonar inn mot til andre sentrale aktørar i dette prosjektet.

Nytt maritimt ikon

Den nye hydrogenferja er eitt av dei største innovasjonsprosjekta som både Westcon og Norled har hatt. I 2015 lanserte Norled verdas første batteridrivne bil- og passasjerferje, MF «Ampere».

— «Ampere» har på mange måtar blitt eit ikon for den grøne revolusjonen i ferjebransjen. I 2022 vil over 70 norske ferjer segla på batteri og bidra med betydelig klima- og miljøutslepp totalt sett. Vår ambisjon er at den komande hydrogen-ferja skal bli eit nytt ikon som i endå større grad vil setja Noreg på kartet innan maritim nullutsleppsteknologi og kor prosjektet skal demonstrera at hydrogen kan nyttast på energikrevjande samband kor batteri-teknologien åleine kjem til kort, seier Breivik.

Endre Matre, direktør for skipsbygging ved Westcon, er glad for den nye kontrakten med Norled. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Tause om kontraktsverdi

Endre Matre fortel at Westcon og underleverandørar vil sysselsetja om lag 150 personer på det meste til å bygga dei to ferjene som skal stå klare i mars og mai 2021. Verftet vil for det meste nytta seg av norske underleverandørar på skipsutstyrssida, mens deler av hydrogensystemet vil bli kjøpt inn frå Europa.

Ferjene skal ha ein kapasitet på 299 passasjerar og 80 bilar. Fordelen med hydrogen som nullutslepps drivstoff er at det er betre eigna til å levera større energimengder til ferjas framdriftssystem, og denne eigenskapen kan nyttast til å auka seglingsdistansen eller til å ha høg fart, slik som på hurtigbåtar.

Partane ynskjer ikkje å gå ut med verdien på den store kontrakten.