Ny rapport: Trur CO2-utsleppa i energiproduksjon aldri meir vil nå 2019-nivå.
ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN
Ny rapport: Trur CO2-utsleppa i energiproduksjon aldri meir vil nå 2019-nivå. ARKIVFOTO: JON EDVARDSEN

Ope Forum: Stans i all vindkraft-utbygging!

Rogaland SV ber om stans i utbygging av vindkraftanlegg nå.

Den. 6 mai la FN sitt naturpanel IPBES, fram ein rapport som gjer greie for tilstanden i naturen. Mange plante- og dyreartar er i fare for å døy ut og dette vil ha uante konsekvensar for oss menneske. Rapporten teiknar eit dystert bilete, og konkluderer med at vår utnytting av naturen i aukande grad vil skada naturen si framtidige evne til å gje oss mat, energi o.a.

Rogaland SV meiner me må stoppa nedbygginga av naturen. Bygging av vindkraftanlegg i naturområde medverkar til dette. Difor vedtok representantskapet i møte 11.05.19 ein uttale der SV si stortingsgruppe vert beden om å seia nei til nye anlegg nå. I tillegg må stortingsgruppa gå gjennom dei konsesjonane som NVE alt har gjeve løyve til og stansa anlegg som ikkje vert bygd i samsvar løyvet. Døme på dette er at oppstart skjer for seint i høve til konsesjonen, at vindturbinane er andre/større enn omsøkt m.v.

SV tar krisa som FN sitt naturpanel har informert om på alvor og meiner me nå må nytta høvet til å stoppa nedbygging av naturen. Vindkraftanlegg er døme på det. NVE sitt framlegg til område eigna for vindkraft, omfattar også område i Vindafjord kommune. Vindafjord SV har til nå sagt nei til utbygging i naturområda våre og underteikna kunne difor som representant for Vindafjord SV fullt ut støtta Rogaland SV sin uttale.

Guri L. Ravatn
leiar og 1. kandidat til kommunevalet for Vindafjord SV

Heidi Bjerga
miljøpolitisk kontakt og 1. kandidat til fylkestingsvalet for Rogaland SV