Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) svarer på kritikken frå Per Fatland (H).
Arkivfoto
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) svarer på kritikken frå Per Fatland (H). Arkivfoto

Pengar luktar ikkje!

Viser til oppslaget i Grannar den 06.06-2019 der Høgre ved Per Fatland har starta valkampen.

Som det står i overskrifta «Pengar luktar ikkje». Dette er eit gamalt ordtak som blei brukt om visse produksjonar som gav «litt lukt», men som også gav god avkastning.

At Vindafjord kommune brukar Havbruksfondet og avkastning frå Haugaland Kraft til gode tenester til innbyggarane i Vindafjord kan ikkje vera feil.

Det kunne sjølvsagt vore ønskeleg at desse ekstraordinære inntektene kunne vore sett av i fond, slik at ein hadde dei i bakhand til seinare høve.

Men pengane er ikkje sløsa bort, det er blitt brukte på heilt nødvendige gode tenester til innbyggarane i Vindafjord. Ein har også fått pålegg av fylkesmannen om å retta opp i ting som kostar pengar (brot på tidsfristar i barnevern).

Ein må ikkje gløyma at primæroppgåvene til kommunen er å gi gode tenester til innbyggarane, som barnehage, skule, sjukeheimsplassar, legetenester, barnevern osv.

Eg vil også minna om at dei siste 12 åra har ein hatt god økonomi i kommunen, med unntak av 2015. Som ein ser av tabellen under kan ikkje SP hatt hovudet i sanden heile tida, noko rett må me ha gjort.

Netto driftsresultat 2007-2018 (kroner)

2007  7.256.842

2008  5.538.467

2009  36.425.615

2010   26.730.690

2011 31.717.157

2012   33.676.209

2013  52.152.815

2014  4.691.953

2015   -2.066.268

2016    1.962.730

2017    49.675.795

2018  14.770.551

Les ein statistikk og grafar ser ein at utfordringane starta med innføringa av samhandlingsreforma, dette gjeld ikkje berre Vindafjord, men mange andre kommunar også. Kan det vera at samhandlingsreforma er underfinansiert av staten? Kommunane er gitt mange nye oppgåver og det er ikkje gitt full finansiering av tiltaka. Høgre sitt svar på dette er kommunesamanslåing, eit svar dei brukar stort sett på alle utfordringane kommunane har. Berre ein er stor nok i folketal ordnar, alt seg utan å ta omtanke til geografi (lange avstand).

Så ser også ordføraren utfordringar framover og har ikkje tenkt og stikke hovudet i sanden. Her må det eit samarbeid til i kommunen der både politikken, administrasjonen og ikkje minst fagforeiningane og folket på golvet får seie si meining. For dette er ikkje noko kvik fiks og det er nok ingen andre enn me sjølv i kommunen som må ordne opp og få budsjettet i balanse att.

Ole Johan Vierdal (Sp)
ordførar i Vindafjord