Slik var festivalhelga i Skånevik

Festivalpublikummet i Skånevik har oppført seg bra på festivalområda. Utanfor har det derimot skjedd fleire uønska hendingar.

Fungerande lensmann i Etne og Vindafjord, Arild Austrheim, kan informera om at publikum har oppført seg bra heile helga, inne på festivalområda i Skånevik.

— Ut i frå det som kjem fram frå patruljene som har vore der, ser det ut til at festivalen generelt sett har gått veldig fint føre seg. Det er veldig gode forhold på festivalområda ved konsertteltet ved idrettshallen og inne på området ved House of Blues. Her er det ikkje meldt om problem, seier Austrheim.

Han fortel vidare at politiet måtte ta hand om fleire episodar i sentrum.

Rusa ungdommar

— Særleg natt til laurdag var det amper stemning blant nokre mindreårige ungdommar som oppheldt seg ved ferjekaien i Skånevik sentrum. Me ser ein tendens til at når mindreårige, rusa ungdommar frå ulike stader i distriktet blir samla på ein stad, så kan det oppstå litt utfordringar, seier Austrheim.

Når slike episodar skjer, blir foreldre kontakta. Ungdommane blir også følgde opp i etterkant, med samtalar mellom politiet og foreldra.

— Nokre foreldre kjem og hentar ungdommane sine, medan andre er kanskje ikkje i stand til dette. I enkelte tilfelle koplar me inn barnevernet, seier fungerande lensmann.

Han seier det vil bli oppretta to-tre saker for ordensforstyrringar, etter helga i Skånevik.

— I tillegg vil det bli ei anmelding for vald mot ein polititenestemann. Personen som blir anmeldt er 17 år, opplyser Austrheim.

Ein person på 18 år vil også bli meldt for på førespurnad, ikkje å ha gjeve personalia til politiet.

— Når politiet bere om personalia for å rydda opp i ei sak, kan ein bli anmeldt for å ha skapt problem for politiet, seier Austrheim.

Han fortel at dei var fleire personar som blir bortviste frå sentrum i helga. Nokre under 18 år, dei andre var i 20-åra.

Stoppa ulovleg ferdsel på sjøen

— Det var også to promillekøyringar i båt. Ein mann i 50-åra blei avhøyrd og dimmitert i 22-tida fredag kveld. Ein anna mann blei oppdaga laurdag kveld i 17-tida, opplyser Austrheim.

Det var ei lokal patrulje som gjekk til fots som avdekka at båtføraren var rusa på alkohol.

— Også han blei avhøyrd og lauslaten etterpå, opplyser Austrheim.

— Har det vore fleire uønska hendingar i år, enn tidlegare?

— Nei, det verkar til å vera gjennomsnittleg. Me har ikkje fått meldingar om alvorlege valdshendingar eller overfall, og det er me glade for. Dei alle fleste festivaldeltakarane oppfører seg veldig fint, oppsummerer fungernade lensmann.