Trafikkulykke i Vikebygd

Naudetatane rykte ut til Vikebygd onsdag kveld. Det blei meldt om trafikkulykke ved bygdehuset like etter kl. 20.40. To bilar utan passasjerar var involvert. Politiet har ikkje meldt om personskade.

— Det er mistanke om at føraren som køyrde bilen på hovudvegen hadde høg fart. Samanstøyten med den andre bilen skjedde med ein bil som kom frå ein sideveg. Politiet mistenkte at føraren av bilen som køyrde på hovudvegen var påverka av alkohol. Prøvane som blei tekne i etterkant bekrefta denne mistanken, opplyser fungerande lensmann i Etne og Vindafjord, Arild Austrheim.

Han opplyser vidare at vedkommande er ein mann i 30-åra.

— Det viste seg at han ikkje hadde gyldig førarkort. Han er også meldt og sikta for å ha køyrd bil med falskt kjennemerke, seier Austrheim.