Vindafjordhallen brann ned natt til måndag 22 juli.

Foto: Grethe Hopland Ravn
Vindafjordhallen brann ned natt til måndag 22 juli. Foto: Grethe Hopland Ravn

Kjære vatsbu, me må snakka om Vindafjordhallen

Først og fremst er det forferdeleg trist det som skjedde med Vindafjordhallen. Ingen kunne tenke seg ein slik slutt på det ikoniske bygget. Men verda har aldri vore rettferdig. Vindafjordhallen var eit landemerke i både Vats og Vindafjord kommune. Bygt og drifta på rå dugnadsarbeid. All honnør til dei som har stått på.

Men det er ingen hemmelegheit at bassenget i Vindafjordhallen bidrog til raude tall. Kaféen og storsalen med meir, bidrog med positive tal, og utan bassenget hadde Vindafjordhallen levert grøne tal år etter år. Og disse pengane kunne blitt brukt i Vats til å vidareutvikla bygda og levert nye fritidsaktivitetar. Vedlikehaldsarbeid hadde vore lettare. Ja, folk hadde nok stilt enda meir opp, om det ikkje blei sjau om økonomi kvart budsjett. Og eit spørsmål om kor det skulle sparast. Og eit spørsmål om kommunen fortsatt vil bidra.

La det ikkje var nokon tvil, Vindafjord Frp ønskjer å bygge opp igjen Vindafjordhallen. Vats skal få si storstove. Men treng den å innehalde eit basseng? Er Vats tent med det? Er Vindafjord tent med det? Kan det var like kjekt med ein idrettshall, som kan romme mange fleire aktivitetar?

Vi trur ikkje det er mogleg å drive eit basseng i Vats utan store årlege midlar til drifta. Med dagens kommunale økonomi, er vi usikker på om Vats-bygda er tent med det. Med eit basseng i Ølen vil både fylkeskommunen og Etne kommune være moglege leigetakarar, noko som vil avlaste økonomien. Det kan også var mogleg å få gratis oppvarming frå Fatland, noko som vil gjer den daglege drifta svært rimeleg.

Mats Årvik
fyrstekandidat Vindafjord Frp