Kommunen som arbeidsgjevar

«Dei tilsette er den viktigaste ressursen i kommunen». Godt samarbeid mellom partane er avgjerande for å utvikla gode tenester. Etne kommune skal leggje vekt på læring, trivsel og kompetanse gjennom heile yrkeslivet.

• Dei tilsette skal vera trygge på at jobben deira ikkje blir sett ut på anbod.
• Leggje til rette for fleire faste heiltidsstillingar for å rekruttera tilsette.
• Tilbod om fagopplæring i kombinasjon med arbeid.
• Omstilling skal skje i nært samarbeid med dei tillitsvalde.
• For å motarbeide sosial dumping skal Etne Arbeidarparti gå i bresjen for eit seriøst og anstendig arbeidsliv
• stilla krav til tilbydarar om at dei er lærlingebedrifter og har ordna arbeidstilhøve.
• Avgrensa bruken av vikarbyrå.
• Kommunen må auka talet på lærlingar.
• Sei nei til privatisering av omsorg.

Etter framlegg frå Etne Frp skal ein nok ein gong greia ut innsparingspotensialet ved å fjerna betalt matpause for dei tilsette i Etne kommune. Ei utgreiing er starten på ein lang prosess som vil skapa usikkerhet for våre tilsette. Etne Ap ser på vedtak om ei utgreiing som eit sterkt signal.

Dette vert vedteke med 11 mot 9 røyster. Der majoriteten av Sp og einskilde representantar frå dei andre partia røysta for. Alle frå Ap røysta mot dette framlegget.

Ap vil alltid sjå på dei tilsette sine arbeidsvilkår som avgjerande for ei positiv utvikling av kommunen.

Tollef Rullestad (2. plass)
Gunlaug Pedersen (18.)
Lise Maria Mæland (7.)
Erling Bjarte Rullestad (8.)
listekandidatar Etne Arbeidarparti