«Senterpartiet sikra Vikedal legekontor»

I innlegget om legedekning i  Grannar 15. august viser Reidar Håvås til avstemminga i kommunestyret den 18. juni, og fortel at det var Vindafjord Arbeidarparti som berga rammeavtalen som sikra vidare drift av legekontoret i Vikedal. Han let det òg skina gjennom at dei andre partia var meir eller mindre imot, og gjekk inn for å leggja ned Vikedalskontoret.

Han underslår det faktum at to trepartar av fleirtalet på 12 (mot 11) var senterparti-stemmer! 8 av dei 12 stemmene for vidare drift av Vikedalskontoret kom frå Senterpartiet. Me skal heller ikkje underslå at SV var med på laget, forutan dei 3 frå Ap.

I staden for å fortelja om andre parti som «mangler troverdighet og dømmekraft», burde kanskje den flittige skribenten prøva å halda seg litt meir til fakta . . . .

Anders Haugland
Ølen