Natt til tysdag vart ein raud scooter av merket Peugeot stolen i Etne sentrum. Den har registreringsnummer TD 7908. Politiet har førebels ingen mistenkte i saka.
— Om nokon har sett scooteren eller har tips i saka, er det fint om dei kontaktar politiet, seier lensmann Ingvar Gjærde ved Etne og Vindafjord lensmannskontor.