Lars Olav Bergsvåg er 1. kandidat for Etne Høgre ved kommunevalet.
FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Lars Olav Bergsvåg er 1. kandidat for Etne Høgre ved kommunevalet. FOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

— Vil jobba for kommunesamanslåing

Listetoppane i Etne og Vindafjord er utfordra med ti spørsmål, og kandidatane blir presenterte før kommunevalet i september.

Namn: Lars Olav Bergsvåg

Parti:  Høgre

Alder: 64

Sivilstand: Gift, to barn, og to barnebarn.

Stilling: Byggmester/Takstingeniør

Politisk bakgrunn: Gruppeleiar i Etne kommunestyre

— Kva er den viktigaste saka du vil jobbe med lokalt – og kvifor?

— Eit best mogleg tenestetilbod til alle innbyggarane i kommunen. Dette må vera ei rettesnor for det politiske arbeidet og eit godt kontrollspørsmål ein bør stilla seg i alle vedtak. For å få dette til må ein ha økonomisk handlingsrom slik at det er pengar igjen utover det som blir brukt på lovpålagde tiltak. God økonomi/budsjettstyring vil vera viktige verktøy. For å få meir inntekter må Etne kommune vera ein næringsvenleg og løysingsorientert kommune som legg til rette for både nyskaping og utvikling. Mykje av inntektene til kommunen er avhengig av at det er arbeidsplassar til innbyggarane og overskot i bedriftene.

— Kva tiltak og rolle kan kommunen ha for å få ned utslepp av klimagassar?

— Kommunen kan mellom anna redusera plastforbruk, få ned matsvinn i kommunal drift, utsleppsfrie køyretøy, ladestasjonar ved kommunale bygg, solcellepanel og energisparande tiltak i kommunale bygg. Reduksjon av klimagassar og energisparing må vera ein del av all sakshandsaming for at me skal lukkast å få ned klimagassutslepp. Når ein nå ser korleis klimaendringane slår ut med meir ekstremvêr er arbeidet med å få ned utlepp av klimagassar også viktig kommunalt.

—Er du for eller mot at det bli etablert vindturbinar i kommunen – og i tilfelle kvar vil du at dei skal plasserast?

— Å leggja til rette for produksjon av grøn og fornybar energi er viktig, men store vindmølleparkar i urørd natur er ikkje noko me vil seia ja til.

— Bør det bli fleire bomstasjonar i kommunen for å finansiere vegutbygging?

— Nei. Me har i dag ein bomstasjon og i tillegg blir det bompengar på ferjesambandet Skånevik-Utåker. Det er viktig at bompengar går til vegutbetring slik at dei som betalar bompengar får betre vegstandard.

— Vil du arbeide for at Etne skal slå seg saman med nokon – og i tilfelle kva kommune?

— Ja. Vindafjord som me har mykje samarbeid med i dag og som også er vertskommune for dei fleste IKS (interkommunalt samarbeid) me har i dag. Det at me har mange IKS fører til at ein har mindre styring med einingane som er organisert på denne måten. Ved ei kommunesamanslåing vil ein få større einingar som med dette vil bli styrka, og som ikkje er så sårbare om nokon er borte frå jobb og i feriar. Det viser seg og at det er lettare å få tak i nye medarbeidarar når det er større einingar og fleire å dela oppgåvene på. Det vil også bli innsparingar på til dømes kommuneplanarbeid, då det vil bli ein kommuneplan mot to nå. Ved ei kommunesamanslåing vil ein og få tilført statlege midlar. Etne ligg i utkanten av det som snart vert eit endå større fylke. Difor vil me fortsetja å jobba for kommunesamanslåing, og for at bu-og arbeidsregionen vår, Haugaland og Sunnhordland, skal samlast i same fylke.

— Korleis stiller du deg til privatisering av kommunale tenester.

— Det er kvalitet og pris som er avgjerande for at me kan ha gode tenester. Den som leverer dei beste tenestene bør veljast. Men kommunen må ha gode rutinar når det gjeld utlysing, anbodsopning og kvalitetssikring av utførte oppdrag.

— Vil du bevare skulestrukturen slik den er i dag. Om ikkje, kva endringar ser du for deg?

— Ja. For å oppretthalde skulestruturen slik den er i dag er ein avhengig av å ha økonomisk handlingsrom slik at ein kan prioritera dette.

— Kommunen må truleg redusere i driftsutgifter – har du eitt forslag som kan ha vesentleg effekt i den retninga?

— På lang sikt er kommunesamanslåing eit grep for å redusere driftsutgifter. På kort sikt å vurdera drifta av kommunale vegar og kaier. Redusera den kommunale bygningsmassen og gjera den resterande energieffektiv. Gjera tiltak for effektivisering og forenkling av dei kommunale tenestene, digitalisering er her eit godt hjelpemiddel.

— Bidrar kommunen nok til frivillige lag og organisasjonar?

— Nei. Frivillige lag og organisasjonar utfører eit enormt dugnadsarbeid til beste for innbyggjarane her i kommunen, og det er viktig at det også i framtida blir lagd til rette for at dette han halda fram. Her må kommunen ha ei meir aktiv rolle.

— Kva er den viktigaste saka for barn og unge som du vil arbeide for?

— At born og unge føler seg trygge i barnehage, skule og fritid. Me skal ha nulltoleranse for mobbing i barnehagen, på skulen og i fritidsaktivitetar. Undervisning og fysisk aktivitet kan med fordel kombinerast fordi skulen for enkelte kan vera for teoritung. Opplæring i digital dømmekraft skal rettast mot lærar, elev og foreldre. Opprette ei gruppe med representantar frå skule, barnehage, foreldre, SLT koordinator, frivillige lag og organisasjonar, der ein tar opp saker og kjem fram til løysingar i fellesskap.