Første steg for overbygd tribune er på plass på stadion i Vats. Styreleiar Øyvind Nordtveit seier dei investerer for at det skal bli endå trivelegare å besøkje anlegget på Kårhus. 
Foto: Jon Edvardsen
Klar melding til Frp og andre politikarar. Vindafjordhallen skal byggast opp igjen med basseng, meiner Øyvind Nordtveit. Arkivfoto: Jon Edvardsen

Ikkje stem Frp!

Først må Mats Årvik sette seg inn i kor stor betydning bassenget har hatt for Vats og heile Vindafjord kommune.

SK Vats 94 har hatt ei svømmegruppe som har vore overbooka kvart år (det står ungar på venteliste). Her har me lagt ned enorm dugnadsinnsats for å få ungane til å lære å svømme! (SK Vats 94 svømmegruppe), så skal du, Mats Årvik, med eit pennestrøk legge ned Vats si gåve frå NC, for å sentralisere/flytte dette til Ølen?

Og når det gjeld desse «lusapengane» som Vats-bygda får i tilskot frå kommunen for å drifte bassenget, bør ikkje dette eingong vere eit tema. Er det ei bygd som står utafor når det gjeld tilskot til for eksempel idretts-satsing/anlegg, så er det nettopp Vats.

Så her skal me ha opp ein hall igjen, med basseng, og Vindafjord kommune skal sjølvsagt støtte dette oppbyggingsprosjektet med stort, flott basseng – med eller utan Frp.

Til slutt vil eg takke alle som har stått på etter den tragiske brannen, for all dugnadsarbeid og med pengestøtte frå private og bedrifter, slik at SK Vats 94 har fått på plass brakker til klubbhus/kiosk etc. på rekordtid. Tusen takk!

Så kjære vatsbu: Ikkje stem Frp, for her skal me stå samla for å få opp igjen Vats sin storsal og samlingspunkt med eit flott og moderne basseng som vil samle liten og stor til fest igjen.

Øyvind Nordtveit
Vats