Vindkraft-motstanden kjem klart fram i dette innlegget. Bildet er frå Fitjarfjellet.
Foto: Arne Frøkedal
Vindkraft-motstanden kjem klart fram i dette innlegget. Bildet er frå Fitjarfjellet. Foto: Arne Frøkedal

Vindturbinpartiet Sp

På sjølvaste valdagen sto det å lesa i Grannar at alle dei fire Sp-representantane i formannskapet i Vindafjord stemte for utbygging av vindturbinar i kommunen. Etne kommune har samstemt gått imot ei slik rasering av naturen. Tysvær er også imot der ordførar Lier har sagt han vil lenka seg om noko slikt skjer. Men midt imellom Etne og Tysvær går Vindafjord Sp inn for ei utbygging. Dei vil gje NVE (norsk vassdrag og energidirektorat) eit grønt lys om at dei vil gi frå seg sjølvkontrollen/råderetten på våre fjell. Dei vil gi grønt lys til at pengesterke, tyske utbyggjarar kan sprengja seg opp til utvalde fjell i Vindafjord med ca. 15 meters breie vegar og setja grusame spor i naturen vår. Dei utvalde fjella er Bukkanibba, Døldarheia, Bjoahalvøya, fjella over Vikebygd og Skjold, fjella mellom Sandeidfjorden og Vatsfjorden og fjellet mellom Vatsfjorden og Skjoldafjorden. Dette blir ei rasering av fjella i Vindafjord og alt det negative det vil bringa med seg. Ynskjer Så på vegner av innbyggjarane i Vindafjord verkeleg det? Gir ein litlefingeren til slike myndigheter og aktørar, tek dei fort heile handa.

Negative konsekvensar

Negative konsekvensar ei slik utbygging kan bli for oss innbyggjarar:                                               1) Støyen av utbygginga som bl.a. å sprenga ut minst 10 meter beine, breie vegar oppimot og over fjellet for å køyra monsterturbinen opp.
2) Store deler av året blir det ingen adgang til området pga. fare for iskast frå vindturbinane.         3) Visuell forureining av å sjå på vindturbinane fordi blikket ditt blir dradd mot rørsla av blada.        4) Audiovisuell forureining av høg og lågfrekvent støy. Dette er sterkt undervurdert i konsekvensutredningane. Når lengda på blada blir opptil 160 meter i diameter og veg om lag 35 tonn til saman, kan ein tenkja seg kva summing det blir.
5) Eigedomane der turbinane vil vera synlege og der støy vil merkast får eit betydeleg verditap pga. større utfordringar med å selja om ein ynskjer det.
6) Mikroplast blir slengt ut i naturen frå turbinblada som dyr, fuglar og fiskar får i seg.
7) Det har vore åtvara mot store oljelekkasjar i vindturbinar som er sett opp.                                    8) Turbinane drep tonnevis med insekt. I Tyskland drep turbinane 1.200 tonn insekt i året. Sidan insekta set seg på turbinblada blir det no brukt kjemikaliar for å få blada til å gå lettare rundt. Kjemikaliane blir spreidde ut i naturen og forureinar drikkevatn med meir. NB!! Insekta er særs viktig for eksistensgrunnlaget på kloden vår.
9) Turistnæringa vil få utfordringar.
10) Mykje av vedlikehaldet av turbinar skjer med helikopter og den støyen og uroa det gir.

Eg vil i tillegg oppfordra alle til å googla vindkraftutbygginga på Frøya og lesa korleis øvrigheita har tatt seg til rette til innbyggjarane si fortviling . Hemmeleghald av dokumentasjon og dermed ei slett konsekvensutgreiing som til slutt førte til utbygging og rasering av naturen og all plagene det medfører innbyggjarane etter utbygginga. Det er ingenting som tilseier at det vil bli noko betre i vår kommune. Høyr på andre si erfaring!

Lokkemat

Kvifor er det mest berre Sp i Vindafjord kommunestyre med sine ti mandat som er positive til vindkraftutbygging? Dei kan så avgjort ikkje ha sett seg skikkeleg inn i konsekvensane ved ei slik utbygging slik dei andre partia tydelegvis har gjort. Kan eigedomsretten føra med seg ein skjult agenda? Eg skal ikkje påstå at noko slikt skjer i vår kommune. Men det ei kjennsgjerning at eigaren av eigedomen der ein vindturbin blir sett opp, får ein klekkeleg sum pengar som utbyggjarane lokkar med. Det er særdeles viktig at ein her spelar med opne kort. Grunneigarar og bygdefolk må ikkje setjast oppimot kvarandre. Slik kan det fort bli dersom ein part får mykje betaling, medan alle andre får plagene som referert over.

6,8 % fall

Sp gjorde som dei fleste veit eit kjempeval på landsbasis ved dette valet. Men ikkje i Vindafjord. Årsaka til at Sp gjekk tilbake 6,8 prosentpoeng ved dette valet er truleg pga. diskusjonen om vindturbinar. Det veit eg etter mange samtalar med ulike Sp-folk som har vore sterkt tvilande før valet. Dette vil dei ikkje vera med på og vender partiet ryggen. I kommunen Aure gjekk Sp tilbake med 13 % og mista ordføraren pga. at kommunen opna for vindpark. Innbyggjarane sa klart ifrå. Når bygdefolk flest blir klar over alle dei negative konsekvensane, kan det fort bli strid. Derfor må ingenting haldast skjult før me tar ei slik avgjerd.

Allmannsretten

For meg handlar dette om allmannsretten. Ville dyr, fuglar og insekt kjenner ingen grenser. Etter mi meining er det ingen eller alle som eig naturen. Det er eit felles gode som alle må få gjera seg opp ei meining om. Kanskje det hadde vore mest rett med ei folkeavstemming? Slik at alle kunne få muligheita til å setja seg inn i denne viktige, avgjerande saka og bestemma skjebnen.

Som grunneigar og senterpartveljar kjenner eg meg skamfull, lei og veldig makteslaus i denne saka. Eg som Sp-veljar kjenner meg ikkje att i partiet. Det rokkar ved fundamentet i partiet. At Sp av alle parti går inn for dette, er for meg uforståeleg. Eg vil gi mi stemme til naturen der planter, ville dyr, fuglar, fisk og insekt må få leva slik dei alltid har gjort. Ikkje øydeleggja deira eksistensgrunnlag som dermed øydelegg vår eigen eksistens sakte, men sikkert. Eg vil ikkje vera del av eit parti som viser slik liten respekt for eksistensgrunnlaget rundt oss. Me må gå føre og visa våre etterkommarar at me må ta vare på naturen til ein kvar pris. Om eg trekkjer meg, betyr nok lite, men eg er redd for at det blir masseflukt frå partiet om ein ikkje lyttar til folket. No må Sp- politikarane i kommunestyret føla seg frie til å stemma etter eigen overbevisning. Sp seier dei skal ta sak for sak, men det bryr ikkje NVE og øvrigheita seg om. Bestemmer dei seg, så har me lite me skulle ha sagt. Etter mi meining er ein enten for vindkraftutbygging eller så er ein i mot. Det er ikkje noko midt i mellom. Me har meir enn nok energi i Noreg. I tillegg kan eksisterande vasskraft gi oss nærast det doble av det vi har i dag. Det er mange gonger den mengde energi tiltenkte vindturbinar kan gi. Det er også den grønaste og billigaste måten å framskaffa energi på i Noreg. Inntekter til kommunen frå vindkraft vil vera begrensa over tid. Litt fløyte på labben.

No må me ikkje gi øvrige myndigheiter feil signal. Særleg denne gongen må me ikkje trø feil. Etter tidsfristen 1. oktober 2019 vil lokaldemokratiet i kommunen ha meir å seia. Då kan me få større høve til å bestemma over vår eigen lagnad. Håpar flest mogleg av Sp sine politikarar som sit i kommunestyret kjenner si besøkelsestid og stemmer mot vindkraftutbygging i Vindafjord. Då står me saman sterkt i lag alle våre tre nabokommunar i denne viktige saka.

Nei, til vindkraft i Vindafjord, Etne og Tysvær! Det ville vera eit fantastisk interkommunalt samarbeid.

Jens Dominicus Nagell Bjordal
Vikebygd