Per Fatland, avtroppande gruppeleiar i Vindafjord Høyre.
Arkivfoto
Per Fatland, avtroppande gruppeleiar i Vindafjord Høyre. Arkivfoto

Blør det i distrikta, ordførar?

Valet er over, Senterpartiet fekk sin valsiger etter å ha reist land og strand rundt og smilande erklært motstand mot alle reformer føreslegne av denne regjeringa. I Senterpartiland er alt flott slik det er og har vore, alle endringar er av det vonde. Ein slik kynisk valkampanje har ein vel sjeldan sett her i landet. Men det gav oppslutnad, så ein kan vel ikkje undrast på at Sp-folket fortset i same duren etter valet.

No når dei har fått ordførarane sine rundt i landet og posisjonane er sikra, så kjem kvardagen. Vil folk flest merka ein skilnad? Eg tvilar på det. Sjølv Senterpartiet kan ikkje trylla fram pengar og god drift. Og det er pengane som bestemmer mest i kommune-Noreg.

Treng initiativ, ikkje syting

Vindafjord kan vel vera eit godt døme, her har Sp med allierte styrt kommunen nærast i all tid, denne gongen er det med Ap og KrF. Politikken dei siste 8 åra, har vore i god Sp-ånd, alt skal vera som det har vore, så lenge ein kan. Og vi ser kor det har ført oss, i år ligg vi an til minst 20-30 millionar kroner i minus, vegen til ROBEK-lista er ikkje så lang. Ein kan då undrast om vegen vidare er å føra endå meir Sp-politikk? Sjølv Senterpartiet ser at dette ikkje går, og snakkar om at nå må det gjerast noko. Førebels har det blitt med snakk..

Det vert spanande å sjå kva Sp og partnarane vil gjera framover. Og kva rådmannen føreslår i budsjettet. Førebels har det vore særs tynt og lite underbygd.

I HA meiner ordføraren at distrikta blør. Utgangspunktet denne gongen er visst omorganisering av nokre skattekontor. Kor er det han meiner det blør? Blør det i Åmsosen, der bedrifter blir utvikla og selde for milliardar, og der ein tilset folk heile tida? Blør det i Ølensvåg, der Omega har auka talet på tilsette frå under 800 til over 1.400 på eit par år? Er det ein stad det blør, er det vel heller i Vindafjord kommune. Burde ein ikkje vera glad for alt ein slepp å driva med, slik at ein kan konsentrera seg om basistenestene? Ordføraren har visst sut for kompetansearbeidsplassar i distrikta, som han meiner blir raserte av denne regjeringa. Då må han i så fall snakka for andre enn eigen kommune, der me har stort overskott av kompetansearbeidsplassar, som me i stor stil importerer arbeidstakarar til.

I distrikta treng me først og fremst initiativ og tru på eigne ressursar, ikkje syting for offentlege arbeidsplassar og å tvihalda på funksjonar som tida har gått i frå.

Gode tider

Dei siste åra har på mange vis vore ei svært god tid til for landet vårt, både for byar og distrikt. Arbeidsløysa er rekordlåg, og distriktsnæringar som turisme og sjømat har gode tider. Også innan landbruket, som Senterpartiet har halde ei klam hand over i altfor mange år, er det nå meir fart i investeringane og teikn til optimisme. Det blir òg investert meir enn nokon gong i vegbygging og samferdsel.

Offentleg sektor har unngått mykje omstilling under raud-grønt styre. Dei strukturendringane som regjeringa no gjennomfører, er i mange tilfelle overmogne og førebudde i lang tid, også av tidlegare regjeringar. Sp distanserer seg diverre frå alt dette, omstilling og effektivisering er ikkje viktig for dei. Dei synest, i alle fall i opposisjon, å ha rikeleg med pengar til å oppretthalda alt det eksisterande.

Det er ei lukke at denne regjeringa truleg vil fortsetja i alle fall i 2 år til, alternativet verkar særs lite freistande.

Per Fatland
tidlegare kommunestyrerepresentant for Vindafjord Høyre