Bymusikanter

Bymusikantane frå Bremen

Vindafjord bibliotek rettar seg mot dei mange som er heime i haustferien. Onsdag inviterer dei til dokketeater i biblioteket sine nye lokale i Ølen. Regine Erler kjem med scene og dokker og riggar seg til på Sjøperlo.

Framsyninga er bygd på Grimm sitt eventyr «Bymusikantane frå Bremen», så her kan mykje skje. Regine ynskjer at seks til åtte barn frå publikum skal vera med og spela.

— Framsyninga varer ca. 45 min. og passar best for barn frå 5-/6-årsalderen, men også for dei som er eldre og for yngre som har vaksne med seg, opplyser bibliotekar Guri L. Ravatn.

Ho legg til at biblioteket har ope denne føremiddagen og at alle velkomne til å lesa og låna bøker, teikna, spela spel og elles nytta alle muligheitene biblioteket byr på.