Bente-Elin Hansen Sørbø og Leander Hansen Habbestad (1,5) har for få månadar sidan flytta inn på Vikaneset i Skjold. Det er dei godt fornøgde med.

Foto: Øystein Birkenes
Bente-Elin Hansen Sørbø og Leander Hansen Habbestad (1,5) har for få månadar sidan flytta inn på Vikaneset i Skjold. Det er dei godt fornøgde med. Foto: Øystein Birkenes Bilde 1 av 3
Arne Gunnar Habbestad er dagleg leiar i Omega Hus AS og Vikaneset Panorama. Bak han er den nye båthamna i Skjoldavika som snart er klar til bruk.
Arne Gunnar Habbestad i Ølen idrettslag seier planane for ei utbygging har stoppa opp, men ein idrettshall meiner han er realistisk å få til.Bilde 2 av 3
Det er mykje tomtesal og utbygging som føregår på Vikanes-feltet i Skjold for tida.

Foto: Privat
Det er mykje tomtesal og utbygging som føregår på Vikanes-feltet i Skjold for tida. Foto: PrivatBilde 3 av 3

Salet går godt på Vikaneset

Byggefeltet på Vikaneset i Skjold har slått godt an, og spesielt dei tre siste månadane i år har tomtene verkeleg gått unna. Så langt er det selt 44 tomter.

Hus har poppa opp på Vikaneset i Skjold etter at det vart opna for nokre år sidan, og interesse for å kjøpe tomt og bygge hus har berre auka.

Huseigar Bente-Elin Hansen Sørbø er spent på å sjå korleis det etterkvart blir rundt henne på Vikaneset i Skjold, med mange nye hus og bustader under oppføring. Sjølv flytta ho inn i nytt, stort hus med utsikt til Skjoldavik i august, saman med Audun Habbestad og sonen Leander Hansen Habbestad (1,5).

— Me har ikkje fått helst på alle naboane enno, og fleire kjem til, så her har me ein jobb å gjere, smiler Sørbø.

Fint med god plass

Familieauke er på veg om kort tid, og då er det greitt å ha flytta frå leilegheit i Haugesund til stort hus i Skjold, og ikkje minst ha barnehagen meir eller mindre eit steinkast unna. Skule, idrettsanlegg og alt mogleg anna av tilbod er også på kort avstand, så her er det til dømes gode vilkår for at litt mindre av fritida til foreldra treng å gå med til skyssing av den oppveksande generasjonen.

— Ja, det er rett og slett heilt herleg med så kort veg til barnehagen. Det er ein utruleg kjekk plass, dette, med alt i nærleiken, turstiar, badeplass og meir, fortel Bente-Elin.

Det er mange slags forskjellige byggestilar og konstellasjonar av hus å sjå i Vikanes-feltet. Bente-Sørbø og familien har bygd i meir tradisjonell stil med skråtak, medan funkishus dominerer i feltet.

— Det er ikkje nokon kode her, nei, ler ho.

Ny båthamn

Tilboda til fellesskapet er mange, og fleire har kome det siste året. Mest framtredande er ei båthamn med om lag 125 båtplassar som snart står klar til  bruk. Arne Gunnar Habbestad, dagleg leiar i Vikaneset Panorama, meiner hamna kan ha påverka det forrykande tomtesalet som har vore i sommar: dei tre siste månadane har det blitt selt sju tomter. Habbestad er svigerfar til Bente-Elin Sørbø, og har sjølv bygd hus nesten rett over vegen der han flytta inn for vel eitt år sidan.

— Her skal det bli gode forhold for båtliv. Eg trur nok at bygginga av denne hamna er lagt merke til, og at det har hatt noko å seie for farta i tomtesalet i det siste. No er det selt vel 44 av 69 tomter her ute, seier Arne Gunnar Habbestad.

Kjem folk frå byområde

Vikaneset-feltet og selskapet Vikaneset Panorama er eigd av Vindafjord tomteselskap og Omega Hus AS, og Habbestad er også dagleg leiar i sistnemnde. Han står med andre ord svært sentralt i å selje dei resterande tomtene.

— Ei fart på sju tomter på tre månadar blir det nok mykje å forvente at skal halde fram over lengre tid, men eit optimistisk anslag kan tilseie at det er utselt her om to til tre år. Litt meir realistisk er det kanskje heller med fem år, seier Habbestad.

Han påpeiker også at i tillegg til intern flytting i kommunen, er det fleire av tomtekjøparane i Vikaneset-feltet som kjem utanfrå, og bidrar til vekst i folketalet i Skjold.

— Likt med Bente-Elin og Audun er det fleire her som kjem frå Haugesund og omegn, og det er også tilflytting frå Bergen-området og Stavanger, til og med frå utlandet, fortel han.