Det geologiske fenomenet har også vore tema på Facebook-sida «Du veit du er frå Etne når……». Her har Sigrid Ur Berge kommentert: «Den visste eg om ein gong i tida, det var noko av det første Sverre Tesdal viste meg, men eg har aldri funne staden att.»
Fotograf Svein Egil Økland i Ølen, opphavleg etnebu, engasjerte seg nyleg i saka, og 23. september kunne han fortelja på Facebook-sida at han hadde funne og dokumentert varmehola. Den ligg like ved Hodlestadnuten (676 moh), kjent frå Etnesongen, i retning den meir ukjente Smørnut (725 moh).
— Den går heilt til jordas indre og me synst me kjente lukta av pekingand og steikt ris, skriv Økland humoristisk, samstundes som har han lagt ved bilde av hola.
— Her smelta snøen
Blant folk flest er varmehola lite kjent, men frå gamalt av har fenomenet vore munnleg omtalt og diskutert. Blant anna blir det sagt at på vinteren så smeltar snøen rundt denne hola.
Svein Egil Økland fekk i ung alder høyra om varmehola av sine besteforeldre Ranveig og Lars P. Berge. Dei budde på Øvre Berge, nedafor Hordlestadnuten, og var grunneigar i fjellområdet via sameige.
— Bestemor fortel om dette og eg såg hola som unge. Det blei sagt at snøen smelta her om vinteren, seier Økland til Grannar.
Han synest det er tøft med slike fenomen og trur merksemd rundt hola vil dra folk til fjells, noko også hans beteforeldre var pådrivarar for.
— Er den vanskeleg å finna?
— Nei. Det er berre å gå opp til Hodlestadnuten og fylgja stien ca. 70 meter vidare, og så ligg hola rundt 20 meter til venstre for stien. Eg har også lagt ut kartposisjonen, så dette er enkelt, svarer Økland.
Tips oss!
Har du fleire opplysningar om varmehola eller andre mystiske naturfenomen, tips oss i Grannar på tlf. 975 70 789 eller e-post tips@grannar.no.