Dei to tunnelane i Skjold er for korte til at Statens vegvesen prioriterer naudnett og DAB-signalar i dei.
FOTO: TORSTEIN NYMOEN
Dei to E134-tunnelane i Skjold blei stengde fredag kveld etter at eit køyretøy reiv ned utstyr i tunneltaka. ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN

E134 opna etter stenging

E134 i Skjold blei fredag kved stengd etter at eit eit større køyretøy på veg vestover reiv med seg lysarmatur og anna utstyr, først i Eggjatunnelen og deretter i Vikanestunnelen. Politiet opplyser at uhellet førte til at det ikkje var mogeleg for trafikk å passera. Statens Vegtrafikk Sentral er varsla. Entreprenør vil tidlegast vera på plass kl. 20.15, melder Sør-Vest politidistrikt.

Like før midtnatt melder vegtrafikksentralen at E134 gjennom Skjold igjen er open for trafikk.