Monica Nesheim er listekandidat for Vindafjord Senterparti.
Foto: Privat
Monica Nesheim (Sp) fekk flest personstemmer av alle kandidatane ved årets val. Nå skal ho sitte i formannskapet. Arkivfoto: Privat

Vats tapande part i nytt budsjettframlegg

No må eg berre få hyla ut litt!

Det blir litt for «meget» for meg, med alle opplysingane som kjem på løypande band denne veka.

Fyrst får me vite resultatet frå budsjettframlegget til rådmannen, som gir tydelig utslag i at rådmannen ikkje prioriterer å halde liv i alle dei ni bygdene våre!

Forslaget om å legge ned barnehagen i Vats, kom som lyn frå klar himmel!

Rådmannen viser til synkande prognosar i antal ungar, og meiner difor at me ikkje treng ein barnehage lenger. Grunnlaget for denne prognosen synest eg er noko vaklande og tynn. Det er ikkje ukjent at antal ungar i barnehagen svingar. Berre sjå på den akutte utbygginga av Skjold barnehage, som enda med uopna lokale grunna færre ungar i barnehagen. Denne svinginga har eg beviseleg observert ettersom eg har hatt barn i barnhage frå 2010-2019! At det er grunnlag nok i seg sjølv å leggje ned skulen med bakgrunn i vedlikehaldsutgifter, er jo sjølvforskyld. Det er verd å merke seg at dette bygget eigentleg var skule i si tid, men gjort om til barnehage då skulane i Øvre og Nedre Vats blei slått saman. At me står i denne posisjonen no, skuldast altså eit manglande vedlikehald over lang tid! Eg seier meg einig med innlegget til Pia Flæte, der ho også dreg fram eit antal brot på lovverk/eigne vedtekne planar som blir sett til side i dette forslaget. Er det greitt at vår eigen kommune kan overstyrer vår rett til å uttale og orientering slik?

Eitt forsamlingslokale

Eit anna aspekt med å legge ned denne barnehagen er at bygda då i praksis set att med gymsalen på Vats skule som forsamlingslokale. Etter at Vindafjordhallen brann, har det vore aukande aktivitet i både gymsalen i Øvre Vats barnehage, og gymsalen på Vats skule. Skal ein stenge Øvre Vats barnehage, vil ikkje Vats skule kunne dekke inn det store behovet for forsamlingslokale. Eit lokale som i seg sjølv kan ta 150 personar etter brannforskriftene. Det har leia til ei rekkje nye utfordringar, ettersom elevtalet på Vats skule er 104, så kjem alle dei omlag 18 tilsette utanom. Det er mykje som ikkje kan gjennomførast i fellesskap lenger.

Så, kom oppdaginga om at dei lovde midlande til opprusting og lukking av ei lang liste avvik på uteområdet på Vats skule er stroke frå budsjettet. Det var på budsjett i år sett av 500.000,- til å lukke dei prekære avvika. Arbeidet er halde på vent, i påvente av nye 500.000,- som var lovd bevilga til neste år. Då skulle ein i gang med skikkeleg opprusting, og fikse dekke og murar som er prekære (altså ikkje opprusting av leikeapparat). I tillegg skulle ca. 169.000,- av desse bevilga pengane gå inn i FAU sitt prosjekt med ny balansepark for mellomtrinnet. FAU har fått inn midlar gjennom ulike støtteordningar, og kunne med dette gjennomføre ei stor oppgradering av uteområdet, til saman for 800.000,-. Me skulle berre vente på den siste kommunale overføringa, så kunne me realisere prosjektet!

Uteområdet på Vats skule er sjokkerande dårleg vil mange seie. Til tider må leikeapparat stengjast grunna fare for at dei dett ned. Trevirket i konstruksjonar kring rutsjebanen gir rett å slett etter, etter over 30 års aktivt bruk. Det er verdt å merke seg at dette er eit av dei tre tilboda til alle ungane på mellomtrinnet. Dei har heldigvis ei svingstang og fire reiler dei kan dele på.

Mykje tyn

Ikkje nok med det, ja for ein kan bli blank i auga av å sjå kor tyn ein skal få som ei bygd. No kjem det også fram at KLP varslar at dei reduserer forsikringsutbetalinga med 30%! Det er FØR dei har vurdert om me skal få ytterlegare fråtrekk for restverdiar i bygget!

Eg seier berre, kor skal dette bere hen?

Eg har alltid vore optimistisk til det motsette er bevist, no om dagen så kjennest det som om det motsette blir bevist i alt for stor grad!

Slik det ser ut no, skal me drive all aktivitet i ei heil bygd framover i eit lokale for 150 personar.

Me er ikkje rekna for å vere ei levande bygd i kommunen, for i kommuneplanen (som er vedtatt) står det at alle levande bygder skal ha barnehage og skule.

Å skulle me ynskje å symje i framtida, kan me stille oss i ein times lang kø på Tysværtunet. Elles blir det nok mange utearrangement framover.

Vel å tru

Likevel vel eg å sette mi lit til at det ikkje kan bli så gale som det både høyrest og ser ut som, til det motsette er bevist.

Eg må velje å tru at me har politikarar som ser denne galskapen, og i det minste stemmer i mot dette i budsjettforslaget!

Eg må velje å tru på at me er ni bygder som passar på kvarandre, og ikkje set med skylappar for kva som skjer i nabobygda.

Eg må velje å tru, at me kvar og ein av oss kan bli høyrde og vågar å seie frå.

Eg må velje å tru at Vindafjord kommune greier å finne ei løysing som ikkje rammar lokalsamfunn så hardt som det gjer no.

Monica Nesheim
Vats