FAU ved Enge skule med sterk appell til politikarane om å unngå dramatiske kutt i skulen.
Foto: Arne Frøkedal
Utskifting av vindauge på Enge skule i Etne er eitt av tiltaka kommunen har på lista over aktuelle tiltak. Arkivfoto

Budsjettkutt vil ramma barna våre

I desse dagar blir det snakka høgt om nye reformer som skal stimulere og styrke dei praktiske faga i skulen. Praktisk tilnærming krev kompetanse og faglege ressursar. Det er særs viktig for barn å få ei praktisk tilnærming til faga i skulen for optimal læring. Store klassar gjer det vanskelegare å få følgje opp den enkelte elev, og vanskelegare å avdekke mobbing. I dag er grensa for å dele ein klasse at ein ikkje overstig 28 elevar. Dette er i utgangspunktet ei veldig stor gruppe å forhalda seg til og klara å følgje opp i eit og same klasserom.

I rådmannen sitt forslag til budsjett er det dei komande åra lagt opp til kraftig kutt for både Enge og Skånevik skule. Enge skule skal etter framlegg frå rådmann aleine stå for eit kutt på vel 2 millionar kroner i 2020 og rundt 3 millionar per år dei komande tre åra. I same budsjett er det føreslått at Skånevik skule skal kutte nærare 900.000 kroner i løpet av 2020 og rundt 1,2 millionar dei tre komande åra.

Partia i posisjon (Sp, Frp, KrF, H og V) har i sitt alternative budsjett føreslått å redusere kuttet for 2020 på Enge skule med 400.000, medan kuttet i Skånevik er føreslått redusert med 350.000.

Ved Enge skule er det i dag litt over 400 elevar frå 1.-10. trinn i tillegg til vaksenopplæring. Trass i eit forslag om å redusere med 400.000 er det framleis 1,6 millionar som skal kuttast i 2020. Dette betyr kutt i årsverk og vikartimar. Dette vil seie at undervisningstilbodet for barn og ungdom i grunnskulen vil bli grundig svekka.

Følgjer av eit slikt kutt i lærarstab og vikartimar vil kunne vere:

  • Samanslåing av klassar
  • Kutt i valfag
  • Kutt i praktiske fag som musikk, mat og helse, kunst og handverk
  • Kutt i tilbod for valfag og språkfag
  • Kutt i skulebibliotekarressurs

2 årsverk utgjer rundt 40 undervisningstimar i veka. Det er dramatisk med tanke på styrking i basisfaga norsk, matematikk og engelsk. Ved Enge skule ønskjer ein å styrke begynnaropplæringa i 1.-4. klasse og det vil då ikkje heldig å ha store klassar.

Enge skule si nylege satsing og rusting på IKT er og blitt føreslått kutta med 100.000 i året. Dette tykkjer me òg er synd, med tanke på at skulen skal vere ein framoverlena aktør, og kunne tilby elevane og lærarane å ha tilgang til dei elektroniske hjelpemiddel som er naturleg i eit digitalt samfunn.

Me vonar politikarane i Etne kommune ikkje byggjer ned skule- og oppvekstvilkåra for barn og ungdom i kommunen, og gjer det mindre attraktivt for innbyggjarar og potensielle tilflyttarar å slå seg ned.

Skulen legg grunnlaget for oppvekst og læring, og eit så dramatisk kutt per år, vil forringe det gode tilbodet ein treng tid, ro, stabile og forutsigbare rammer for å få på plass.

På vegne av FAU-styret ved Enge skule
Astrid E. Hjelmeland, Kari Anne Rafdal, Solveig Sørheim, Hanna Frette, Siren Heggen Mæland, Maria Moe Skålerud, Linda Grindheim, Arild Selland