Då var det budsjett-tider igjen i Etne kommune. Og denne gong er det dessverre dei unge og gamle som får svi, blant anna innan kultur.
Det har dei siste åra vore fokusert på kor mykje song og musikk har å seia på helse, både fysisk og psykisk, både for unge og eldre. Etne kommune har i målplanen at det skal vera fokus på at dei unge skal ha eit breitt og variert kultur-, idrett- og fritidstilbod. At dei unge har aktivitetar å gå på i fritida ser eg at er veldig viktig. Då må me finna ein arena for dei fleste.
I Etne kommune er me så heldige å ha eit breitt tilbod innan idrett. Men eg føler at det kulturelle som song /musikk/drama/kunst ikkje blir like høgt verdsett. Det er så viktig at kommunen hjelper med å legga til rette for at alle målgruppene blir sett og høyrde. Difor blir eg fortvila når eg ser sparekniven kuttar hardt innanfor kultur, både for unge og eldre.
På kulturskulen sine lokale treff eg mange unge som har gleda av å få læra seg musikk, både i kulturskulen og skulekorpset. Å sjå dei unge som kjem ut av lokalet, glade og fornøyde etter ei kjekk øving, varmar eit musikalsk hjerta. For at alle desse unge skal få den musikalske gleda, er dei avhengige av å ha dyktige lærarar som gir dei inspirasjon og god læring. Kulturskulen er heldige som har ei gullrekke av dyktige lærarar. Skal me klara å behalda desse, må kommunen tilrettelegga for at dei får eit godt arbeidsmiljø og ikkje minst ha stillingar til dei. På kulturskulen er det foreslått eit kutt på 40 % stilling. Dette er mykje på i utgangspunktet små stillingar, og vil gå på bekostning av både dyktige lærarar og dei ulike tilboda i kulturskulen. Så tilrettelegg for lærarane og la dei unge få stabilitet og trygghet i lærarrekka!
Eg var på konsert på omsorgssenteret under kulturnatt. Det blei ei stor musikalske oppleving. Eg sat i eit fullt lokale blant dei eldre, såg augo deira stråla når dei kjente igjen songane, høyrde dei song med, samtidig som dei rørt tørka nokre tårer. Eg var vel ein av dei som tørka flest tårer, for dette var ei sterk stund.
Kommunen vil skjera ned halve kommunale tilskotet for kulturelle opplevingar for dei eldre. Nå er spaserstokken 50/50 stat og kommune. Det er foreslått å fjerna 100% av det kommunale tilskotet for 2020, altså halve potten. Samtidig oppmodar dei til at skule og lokallag skal bidra inn mot den kulturelle spaserstokken. Dei eldre treng til liks med oss litt yngre å få meir enn berre lokal kulturell glede. Det er stas å gå på lokale kulturelle arrangement. Men jammen er det kjekt å få litt input ifrå profesjonelle. Så la dei eldre òg få muligheten til å få dette.
Det same gjeld den kulturelle skulesekken. Der ligg ikkje berre profesjonelt kulturtilbod i skulen, men og skulekino, turar til vikingarden mm., samt støtte til lokale produksjonar som UKM. UKM er ein arena der dei unge får visa kva dei kan innan musikk/kunst. I fjor hadde Etne ein deltakar som gjekk vidare til nasjonalmønstring. Det seier litt om kvaliteten me har i kommunen og kor viktig at dei har ein arena å visa seg fram på. UKM er viktig for mange unge, men med fare for nedskjeringar, får dei nok ikkje oppleva dette framover.
Mykje av idretts- og kulturlivet i distrikta er bygd på dugnad. Men ikkje utnytt dei som driv med dugnad og tru at alt skal løysast av dei. Skal me framleis kalla oss kulturkommune, må me faktisk satsa på kulturen òg, ikkje berre skrapa til beinet. Me treng både dugnadsfolk og profesjonelle for å få ting til.
Audny Aasheim
ivrig kulturell dugnadsarbeidar