Debatten går: Trovåg til Skjold eller framleis i Vikebyg?
Arkivfoto
Debatten går: Trovåg til Skjold eller framleis i Vikebyg? Arkivfoto

Farvel Trovågfeltet?

Det var trist å høyra intervjuet med Liv Svendsen på radioen at du ikkje lenger trivest i Vikebygd. Intervjuet belyste essensen i grunnlaget for at Trovågfeltet søkjer om overflytting til Skjold.

Her har altså mange som har flytta til søre del av Vikebygd og budd der i årevis komme fram til at dei framleis føler seg som skjoldabuar og høyrer meir til i Skjold. For at dei nå skal kunne trivast der dei bur, så bør sjølvsagt grensa for feltet flyttast.

Når det òg kjem fram i intervjuet at med postadresse Vikebygd så er du nøydd for å køyre heilt til Vikebygd for å hente pakkepost, då er det konklusjonen klar.

Me satsar på at kommunen med to så tungtvegande grunnar skundar seg å flytte grensa slik at de fortsatt kan trivast.

Det de kanskje ikkje har vurdert så sterkt er at dette gjer noko med bygda, og med oss andre som bur igjen i sørabygdå. Når ein så stor andel av husstandane i sørabygdå ikkje føler dei høyrer til og vil flytte så er det sjølvsagt trist. Ein annan ting er kva som då blir igjen av sørabygdå og kor den nye grensa skal gå. Administrasjonen i kommunen har i saksutgreiinga komme fram til at dersom grensa skal flyttast så er det ikkje naturleg at den går rett nordom Trovågfeltet, men bør ligge langs Svendsbøelva. I så fall er det svært lite igjen av det som opphavleg var sørabygdå.

Mange i sørabygdå er engasjert i Vikebygd, dette inkluderer og mange av dei som bur på Trovågfeltet. Dersom grensa hadde blitt lagt til Svendsbøelva så ville det m.a. betydd følgjande for organisasjonslivet i Vikebygd:

• 2 av 4 medlemmer i soknerådet valt inn frå Vikebygd vil få adresse Skjold

• Ingen av dei 3 som driv arbeidet med orienteringsløp vil ha adresse Vikebygd.

• 4 av 12 leiarar i speidaren vil ha adresse Vikebygd, resten vil få adresse Skjold.

Den prosessen som her er starta får kanskje større konsekvensar enn kor enkeltpersonar skal hente pakkeposten?

Arne Tveit
Sørabygding i Vikebygd

Sirkus Trovåg

Eg er litt usikker på kor eg skal starta. Heile greia er liksom litt tragikomisk, når eg, som utflytta dkjoldabu og innflytta vikebu, plutseleg kan bli skjoldabu igjen fordi dei ein liten kilometer lenger sør ønsker det, og kommunen lurer på om dei skal slå på stortromma og ta med alle sør for Bjordalselva i same slengen.

Eg kan godt setja ting litt på spissen, det er litt tida for det: For eg kan gjerne seie at eg synest det vil bli ganske slitsamt å køyre ekstra inn til Skjold for å henta pakkane mine, når eg eigentleg skulle inn til Vikebygd og henta ungane i barnehagen, som eg, tenk det, faktisk må søka inn kvar haust (bortsett frå at det faktisk ikkje er tilfellet. Ein treng berre søka ein gong. Kven skulle trudd?). Dessutan kan eg jo slenga på at eg faktisk direkte ville mistrivst om eg blei skjoldabu, sjølv om eg bur på akkurat same plassen som eg alltid har gjort og har trivst med før. Men eg har ikkje tenkt å seie noko av dette.

For strengt tatt, så speler det faktisk ikkje så frykteleg stor rolle kva postadresse ein har. Heile saka har blitt eit samansurium av kjensler og argument av varierande kvalitet frå begge sider, med eit kommunestyre i midten som skal gjera alle til lags. Det er dømt til å bli eit rot. Eg trur ikkje eg skal konkludera med noko meir, men heller seia som Tønes: «Dei kan sedda to strega onna svare kem som vil for meg eg sedde ikkje ein eingong». Så får eg heller sitja her i «Sørabygdå» og venta, så lenge det fortsatt finst ei sørabygd, for å finna ut om eg blir (noko ufriljug) skjoldabu igjen eller ikkje.

Iselin Eidhammer Tveit
Vikebygd