Politiet sin teori er at 92-åringen har hamna i Vikdalselva. Det som truleg var stokken hans, er funnen ved sagbruket, lika nedafor Opsalsfossen.
Arkivfoto
Politiet sin teori er at 92-åringen har hamna i Vikdalselva. Det som truleg var stokken hans, er funnen ved sagbruket, lika nedafor Opsalsfossen. Arkivfoto

Har frigitt namn på sakna

Den 92 år gamle mannen som er sakna i Vikedal er Bjørn Moland.

I samrådet med dei pårørande valte politiet fredag ettermiddag å frigi namnet på den sakna. Moland var busett i Vikedal og blei meldt sakna av heimesjukepleia onsdag ettermiddag.

Siste sikre observasjon av 92-åringen er gjort ved krysset Movegen/Kykjevegen nær Vikedal sentrum tysdag kveld, like før klokka 20.00. Han skal då ha vore iført mørk bukse og jakke, og truleg ein sixpence på hovudet. Han hadde også med seg ein heimelaga spaserstokk.

I ei pressemelding frå Sør-Vest politidistrikt, blir det opplyst at ein stokk som mest sannsynleg er den sakna sin, blei funnen i samband med søk onsdag kveld, ved det tidlegare sagbruket nedanfor Opsalfossen i Vikedalselva.

Politiet sin teori er at den sakna har hamna i elva kort tid etter siste observasjon av han.

— Det er ingenting som tyder på at han har blitt usett for noko kriminelt, opplyser politiet.

Stengjer elva

Leiteaksjonen har pågått sidan onsdag kveld, og både politi, brannvesen, Røde Kors og frivillige mannskap har søkt på land og i vatnet. Dei siste to døgna har det blitt nytta redningsdykkarar frå Haugesund brannvesen, men så langt utan resultat. Søka held fram gjennom helgen, primært på sjø, med lettbåtar.

I samband med søket etter antatt omkomen person, vil Vikedalselva bli stengt. I løpet av fredagskvelden vil det bli sett opp eit nett ved elveosensom blir markert med lys og blåser.

Politiet ber om at tips frå publikum blir meldt på telefon 02800.