Asbjørn Moe fekk fredag kveld beskjed at han er smitta av koronavirus, det første stadfesta tilfellet i Etne.
FOTO: PRIVAT
Asbjørn Moe fekk fredag kveld beskjed at han er smitta av koronavirus, det første stadfesta tilfellet i Etne. FOTO: PRIVAT

Asbjørn (43) frå Etne vart truleg smitta under Haugalandskonferansen

Leiaren i Fikse næringsforening, Asbjørn Moe (43), er den første i Grannar-distriktet som testa positivt for koronaviruset.

(Denne saka er oppdatert klokka 22.14 laurdag, etter at rådmannen i Vindafjord har kome me oppdaterte smittetal for kommunen.)

— Eg vart etter alt sannsyn smitta under Haugalandskonferansen 6. mars, seier han i eit telefonintervju med Grannar.

— Grei form

Den profilerte etnebuen er leiar i Fikse næringsforening, ein interesseorganisasjon for næringslivet i Etne og Vindafjord. Ei stilling han snart sluttar i for å byrje i ny jobb som næringssjef i Tysvær kommune.

43-åringen vel å vere open om at han er smitta, for å unngå spekulasjonar.

— Eg er i grei form. Slik eg kjenner meg no (laurdag, red. merknad) ville eg under normale omstende budd meg på å gå jobb igjen måndag, seier han.

Det gjer han sjølvsagt ikkje. Han må tvert om vere i heime-isolasjon, i utgangspunktet i 14-dagar frå han blei sjuk. Dette i høve til instruksar frå dei lokale smittevern-myndigheitene, som igjen styrer etter råd frå Folkehelseinstituttet (FHI).

Ikkje testa med ein gong

Moe fortel at han fekk det som han først rekna med var berre vanlege influensasymptom sist måndag kveld, og han har halde seg innandørs frå då av. Vissheita om korona-utbrotet fekk han til å ringje legekontoret tysdag. Men etter å ha forklart både symptoma og kor han har vore i dagane før han fekk influensa-symptoma, fekk han først beskjed om at det ikkje var naudsynt med test for covid-19-viruset.

Men etter at smittevern-myndigheitene i Haugesund såg at det etter kvart var fleire smitte-tilfelle knytt til Haugalandskonferansen, kor også Moe hadde opplyst at han deltok, gjekk alarmen hos helsevesenet. Då tok legekontoret kontakt, og bad han ta ein covid-19-test likevel.

Overraska

Moe sitt prøveresultat låg føre ved 20-tida fredag kveld, og konklusjonen var at han var smitta av det såkalla koronaviruset.

— Eg vart veldig overraska over at eg testa positivt på koronaviruset, seier han.

Han viser til at Haugalandskonferansen vart gjennomført i tråd med dei råda som på det tidspunktet låg føre frå styresmaktene. Før opninga av konferansen vart det dessutan sendt ut råd til korleis ein skulle vere føre var med tanke på viruset, mellom anna å unngå handhelsing og klemmar.

— Dette er noko eg trur alle følgde etter beste evne. Men no veit vi jo at det ikkje var nok for å unngå smitte-spreiing, seier Moe.

Laurdag vart det også kjend at éin person i Vindafjord truleg er korona-smitta under den same konferansen. Alle dei om lag 500 deltakarane sit no i karantene. Mellom anna Vindafjord-ordførar Ole Johan Vierdal.

Ifølgje kommuneoverlege Elisabeth Gunleiksrud i Etne er alle som har vore i nærkontakt med Asbjørn Moe no kontakta. (Sjå faktaboks om nærkontakt).

Over 140 i karantene i Etne og Vindafjord

Status laurdag kveld er at det framleis er éin smitta person i Etne, og to i Vindafjord. Den eine i Vindafjord er akkurat Asbjørn Moe truleg smitta på Haugalandskonferansen. Den andre har vore på reise i eit land i Europa og skal ha blitt smitta der.

100 personar i Vindafjord og meir enn 40 personar i Etne sat laurdag kveld i karantene i høve til Folkehelseinstituttet sine karantenereglar. Mange av disse vil bli testa over helga. Det skjer i samarbeid mellom kommunane Etne og Vindafjord, i eit tilrettelagt telt som er sett opp ved det gamle legekontor i Ølen.

Mi sterkaste oppfordring til folk i Etne er å halde seg heime og unngå å opphalde seg saman med andre enn sine næraste
Elisabeth Gunleiksrud, kommuneoverelege i Etne

— Vi vil nok få ein meir reelt oversikt over den lokale smittespreiinga etter kvart som vi får svar på alle prøvane som skal takast over helga, trur ho.

— Viktig å halde karantene-reglane

Gunleiksrud legg til at det er særs viktig at alle som får beskjed om å vere i karantene, held seg til reglane som er knytt til korona-karantene.

— Det inneber at det ikkje er lov å gå på jobb, ikkje gå på besøk til andre, ikkje ta offentleg transport og halde seg unna butikkar, kafear og andre stadar der det kan opphalde seg andre menneskje, seier ho.

Kommunelegen har også ei klar oppmoding til alle innbyggjarar:

— Mi sterkaste oppfordring til folk i Etne er å halde seg heime og unngå å opphalde seg saman med andre enn sine næraste, seier ho.

Koronaviruset / nærkontakt

Med nærkontakt meiner ein personar som har hatt tett kontakt med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19 frå 24 timar før symptomdebut.  Ein vert rekna som nærkontakt i 14 dagar frå og med siste kontakt med det stadfesta tilfellet. Med tett kontakt meines:

• Har budd i same husstand som ein person som er stadfesta sjuk med covid-19.

• Har hatt direkte fysisk kontakt med (for eksempel ved handhelsing) ein som er stadfesta sjuk med covid-19.

• Har vore i direkte kontakt med spytt (for eksempel blitt hosta direkte på) frå ein person som er stadfesta sjuk med covid-19.

• Har hatt nærkontakt, ansikt til ansikt, under 2 meter i meir enn 15 minutt, med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19.

• Har opphalde seg i eit avgrensa miljø (til dømes eit klasserom, møterom, venterom e.l.) med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19 i meir enn 15 minutt og på mindre enn ein avstand på 2.

• Har pleia/behandla ein pasient, handtert prøvemateriale frå, eller på annan måte har hatt tilsvarande nær fysisk kontakt med ein person som er stadfesta sjuk med covid-19, uten å ha brukt tilrådd verneutstyr.

• Har sete i nærleiken av (to seter eller nærmere i alle retninger) ein person som er stadfesta sjuk med covid-19 på fly, samt andre nærkontaktar på fly.

• Har vore del av same reisefølgje som ein person som er stadfesta sjuk med covid-19.

Kjelde: Etne kommune/Folkehelseinstituttet