Helse Fonna skjerpar inn besøksreglane grunna auka i covid 19-tilfella.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Helse Fonna skjerpar inn besøksreglane grunna auka i covid 19-tilfella. ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN

Haugesund sjukehus: — Talet på innlagde korona-pasientar aukar

Måndag føremiddag har talet på innlagde korona-pasientar ved Haugesund sjukehus auka til fem personar. Éin av desse får intensivbehandling.

– Utviklinga er dessverre som venta, seier administrerande direktør Olav Klausen i ei pressemelding frå Helse Fonna.

Måndag er status fem pasientar i Haugesund, der éin får intensivbehandling, éin pasient ved Odda sjukehus og ingen ved Stord sjukehus.

Direktøren reknar med fleire innleggingar ved alle sjukehusa i føretaket den neste tida.

Fleire under 60 år

Helse Fonna opplys at dei ikkje kan gi informasjon om helsetilstanden til enkeltpasientar, men no når talet på innlagte stig, kan ein seie noko generelt om kva pasientgrupper som blir innlagt og kva behandling det kan vere aktuelt å gi.

–  Bildet vi ser stemmer overeins med det norske helsemyndigheiter har sagt og med det som er kjent frå dei studiene som til no er publiserte. I den første fasen nå ser vi eit stort aldersspenn på pasientane som er innlagde, og fleire pasientar er under 60 år. Av dei som blir hardt ramma, er dei fleste eldre eller personar som frå før har ein kronisk sjukdom, seier Klausen.

I den første fasen nå ser vi eit stort aldersspenn på pasientane som er innlagde, og fleire pasientar er under 60 år

Olav Klausen, administrerande direktør i Helse Fonna

Han håpar dette ikkje bidrar til uro i befolkinga, men snarare til forståing for dei strenge tiltaka som er innførte.

– Det er dette vi har rigga oss for. No ser vi at tiltaka våre har vore nødvendige, seier Klausen og forklarar korleis Helse Fonna har førebudd seg på å ta i mot eit større tal pasientar med koronavirus.

Kjente symptom

Pasientar som blir lagt inn har gjerne dei kjente symptoma som hoste, feber og tungpust.

Vanleg behandling for pasientar som ikkje treng intensivbehandling er enkel pustestøtte med oksygentilskot, tilføring av væske, behandling for bakterielle infeksjonar eller behandling av andre tilstandar som er relaterte til den sjukdomen dei hadde frå før. Dersom ein pasient treng intensivbehandling, kan vedkomande ha behov for meir avansert pustehjelp eller behandling og nøye overvaking av andre kritiske funksjonar i kroppen som nyrer eller hjarte.

Eigne avdelingar

Helse Fonna har oppretta korona-avdelingar ved alle sine sjukehus, der dei samlar pasientar med koronavirus.

— For å få dette til har vi lagt om drifta ved mange andre avdelingar. Vi har flytta både utstyr og personell og bygd midlertidige veggar og inngangar. Ikkje minst har vi måtta utsette mykje planlagt behandling, som dessverre går ut over andre pasientar som no må vente, seier dirketøren.
–  Det beste du og eg kan gjere er å leve så normalt som vi kan, innanfor dei reglene både regjering og kommune lagar for oss. Følg Folkehelseinstituttet sine råd om å halde deg heime når du kan, hald avstand til andre og hugs god handhygiene, oppmodar sjukehusdirektøren.