Haugesund sjukehus opplever auka press grunna smitteauke i regionen.
Arkivfoto
Haugesund sjukehus opplever auka press grunna smitteauke i regionen. Arkivfoto

Nå kan du møta sjukehuslegen på video

Helse Fonna inviterer sine pasientar til å møta sjukehuslegen via video.

Ordninga blei gjort kjent i ei pressemelding fredag føremiddag. For at dette skal vera mogeleg må du først registrera samtykke. Helse Fonna ber nå alle innbyggarar som ønskjer moglegheit for sjukehustime på video, om å registrera sitt samtykke på helsenorge.no

— Videokonsultasjonar vil gjera det mogleg å gjennomføra sjukehustimar som elles kan bli utsette på grunn av koronasituasjonen. No jobbar me for å rigga oss for dette internt i sjukehusa og ber samtidig innbyggarane om å registrera sitt samtykke for at det skal vera mogleg å kalla inn til slike videokonsultasjonar, seier prosjektleiar Torunn Skogland i Helse Fonna.

Ho understrekar at ein framleis må ha tilvising frå fastlege for å få time i sjukehus.

— Dette vil fungera som ein vanleg sjukehustime, berre at den er på video. Både psykisk helsevern og somatikk vil ta i bruk denne tenesta, seier Skogland.

Nokre timar er det likevel ikkje aktuelt å ta på video.

— Dersom ein for eksempel skal ta prøvar eller legen må undersøka deg fysisk, vil det sjølvsagt ikkje vera aktuelt med ein videokonsultasjon. Men for veldig mange sjukehustimar vil dette vere eit godt alternativ. Særleg no når timen elles kanskje ville ha blitt utsett, seier Skogland.

Slik går du fram for å takka ja til videokonsultasjon